Gutar som sit meir enn seks timar framfor skjermen i helgane har låg beintettleik.

NPK
NPK

Det går fram av ei helseundersøking på unge gutar. Dei som sit framfor tv eller pc i meir enn seks timar i helgane har lågare beintettleik enn jamaldra.

Konsekvensar seinare
Ifølgje stipendiat Anne Winther er dette urovekkjande.

– Skjelettet skal vere på sitt sterkaste i tenåra, og når gutar allereie då har låg beintettleik, kan det gi uheldige konsekvensar seinare i livet, fortel Winther til uit.no.

Ho jobbar ved Det helsevitskapelege fakultet, UiT.

LES OGSÅ: Elevar blir tvinga til å spela data

Gjennom ungdomsundersøkinga Fit Futures har ho analysert beintettleiken til 359 gutar og 388 jenter i alderen 16– 18 år, og fått dei til å svare på spørsmål om tv- og pc-vanane sine.

Verst for gutane
Resultatet viser at unge brukar mykje tid framfor skjermen i fritida.

I gjennomsnitt brukar jenter 3,2 timar på tv/pc gjennom vekedagane, og gutar brukar 3,8 timar. I helgane er talet for jenter cirka 4,0 timar og gutar 5,1 timar.

– Jo meir tid ungdommane brukar på skjermaktivitet, jo lågare beintettleik har dei i forhold til dei som brukar mindre enn to timar per dag i helgane.

Beintettleiken hos gutar blir merkbart dårlegare når dei sit meir enn seks timar per dag. Og oppfølgingsdata frå undersøkinga Fit Futures2 viser at denne negative samanhengen varer ved 2 år seinare.

– Resultata er overraskande, men det kan vere fleire grunnar til dette. Kanskje spørsmåla vi stiller ikkje fangar opp skjermvanane til jenter, eller at det finst biologiske forklaringar på denne kjønnsforskjellen, seier Winther.

Fit Futures er den mest omfattande kartlegginga av livsstil og helse hos ungdom i Nord-Noreg nokon gong.

LES OGSÅ: Spelar data for Nepal

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

ANNONSE