Barneombodet kan få gje mobbebøter

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan få gje bøter for mobbing

– Me er villige til å ta på oss jobben som nasjonal klageinstans i mobbesaker, men viktigare enn at me får den, er det at det vert oppretta ein slik uavhengig funksjon. For dagens system er ikkje bra for born, seier barneombod Anne Lindboe til NTB.

LES OGSÅ: – Ta grep mot mobbing

Bøter frå Barneombodet
Dette framlegget vart lansert i mars då Djupedalutvalet la fram rapporten «Å høre til – Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø». Utvalet foreslo sju konkrete tiltak, som bør prioriterast for å avdekkja og forhindra mobbing i skulen.

Eitt av tiltaka er å gje Barneombodet rolla som uavhengig klageinstans, med myndigheit til å gje kommunar bøter ved svikt.

I mai i fjor vart Høyanger kommune den fyrste i landet som fekk bot for dårleg handsaming av ei mobbesak. Kommunen fekk brot for to brot på Opplæringslova då to elevar ved Høyanger skule vart utsett for mobbing.

På sine nettsider forklarar Barneombodet kva mobbing er og understrekar kor viktig det er at vaksne grip inn og tek ansvar for å stoppa mobbinga.

LES OGSÅ: Store forskjellar i mobbetal

Flytta frå Fylkesmannen
I dag er det Fylkesmannen som har ansvaret for å følgja opp klagesaker og gje bøter.

Fylkesmann i Aust-Agder og leiar for utvalet Øystein Djupedal vonar framlegget deira om å flytte dette ansvaret går igjennom, og får støtte av Barneombodet.

– Fylkesmannen har ikkje gode nok føresetnadar for å vere ein god klageinstans i mobbesaker. Ei klageordning bør vere heilt uavhengig, og liggje utfor «linja» mellom departement, direktorat, fylkesmann, kommune og skule, seier Lindboe.

Barneombodet er gjennomgåande positive i sitt høyringssvar til rapporten frå Djupedalutvalet.