Eit stykke om kjøt

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje rart at å ete menneskekjøt er eit tabu i kulturar verda rundt. For det er det faktisk, sjølv om populære oppfatningar vil ha det til at dette var ein vanleg praksis i mange ”eksotiske” samfunn. Men med dyra er det annleis. Vi er kanskje laga av det same, men å ete eit dyr er ikkje det same som å ete eit menneske. Ikkje i den kristne oppfatninga i alle fall. I den vanlegaste tolkinga av Bibelen går det fram at menneska er vesensforskjellige frå dyra. Charles Darwin var som kjent ikkje heilt einig i dette. Slik han såg det er mennesket også eit dyr. Medan kjøtgryta kokar vert eg ståande og tenkje på små apekattar som klamrar seg til mor si. På hundar som merkar når menneska i huset er triste. På kvalane sine høgfrekvente samtalar med kvarandre under vatn, at heile havet er fullt av ein song vi ikkje ein gong kan høyre. Dyr som kan samarbeide, dyr som kan kommunisere, kjenne tilhøyrsle, kjenne glede og kjenne smerte. Kva er skilnaden? Evna til å stille dette spørsmålet? Eg skrur ned varmen på plata. Streng tatt treng eg vel ikkje å kome til botns i dette før middag. Same om det finst ein grunnleggande skilnad eller ikkje så er dyra medvitne nok til at vi burde oppleve det som meir problematisk å drepe dei enn vi gjer. Det er ein farleg veg å legge ut på, å redusere andre levande vesen sin verdi, fordi dei ikkje er akkurat som oss.

Då er det betre å gå andre vegen. I hinduismen tenkjer ein seg at medkjensle med dyra gir sterkare medkjensle generelt i livet, noko som ofte vert nemnt som eit viktig argument for vegetarianisme. Ein skal ha respekt for livet. Dei mest ekstreme vegetarianarane eg har høyrt om, er tilhengjarane av jainismen. Dei nøyer seg ikkje med å unngå kjøt, egg og mjølk. Dei unngår til dømes også rotgrønsaker og sopp, sidan dette er planter som må takast livet av for å etast. Å plukke frukt eller nøter utan å ta livet av morplanta er tillate. Med mindre det allereie har falle ned på bakken. Då risikerer ein å ta livet av dei mange mikroorganismane som samlar seg i nedfallsfrukta…

På ei anna side så har eg ikkje høyrt om mange bønder som er vegetarianarar. Dette er menneske som brukar dagane på å ta vare på dyr, som dei derfor må ha eit mykje nærare forhold til enn eg har til dette kjøtstykket som eg filosoferer over. Korleis får dei seg til å slakte og ete dei? Ei forklaring kan vere at vanen drep kjenslene. Viss jobben din til dømes er å gravlegge menneske, så vert du van med det, og sluttar å tenke på kva det inneber. I ei kjend scene av Hamlet går den unge prinsen forbi ein kyrkjegravar som ukritisk vekslar mellom å hive opp jord og knoklar frå holet han held på å lage. Prins Hamlet derimot, blir ståande med ein hovudskalle i handa og undre seg over kontrasten mellom det rotnande tanngliset og dei ein gong så kjøtfulle leppene, som kunne smile og kysse. Og ete. For ete må vi, både dyr og menneske: vi nærar oss på kvarandre. I ein svartsynt augneblink uttrykker prins Hamlet det slik:

”(…) we fat all creatures else to fat us, and we fat ourselves for maggots: your fat king and your lean beggar is but variable service, two dishes, but to one table: that’s the end.”

Kanskje er det aksepten av dette enkle, men likevel så vanskelige faktum, som er kjernen i det heile. Sjølv å vere kjøt, sjølv å skulle bli eten ein dag. Kanskje er det derfor bøndene kan slakte dyr, og dei fleste menneske ete dei, utan at dette eigentleg er så problematisk. Sjølvsagt et vi dyr. Korleis skulle vi elles leve?

Når det er sagt så synest eg det er noko veldig vakkert ved skruplar av den typen som kjem til uttrykk i vegetarianisme. Eit levande vesen som lurer på om det skal oppretthalde sitt eige liv, ved å ta nokon andre sitt. Eit vesen som er i stand til å tenke over sin påverknad på livet rundt seg, og det med rette. Meir enn nokon andre har mennesket ei enorm evne til øydelegging av livet rundt seg. Det har også evna til å gå til så radikale tiltak som å leve berre av frukt og nøter, for å forstyrre anna liv så lite som mogleg. Viss det er noko som skil oss frå dyra, så trur eg det må vere det.

Men tilbake til mørbradbiffen, som etter langvarig putring i gryta, endeleg er klar til å nytast med godt samvit. Viss det ikkje hadde vore for at det er mandag. Kjøtfri mandag. I følgje kampanjen er kjøtproduksjon ein av dei tre største årsakene til menneskeskapte miljøproblem. Meir enn transport, til dømes. Dessutan trengs det ti kilo korn for å produsere eitt kilo kjøt. Noko å tenke på i ei verd med hungersnaud og klimaendringar. På ei anna side, sa den rumlande magen, så er det vel ingen grunn til at det må vere mandagen som er kjøtfri.

Først publisert i Vikebladet.

LES OGSÅ: Vegen til vegetar