Shetlands yngste bryggeri utvidar med nynorsk øl – med hjelp frå universitet.

mm
Faktaboks

• Shetlandsøyane er ei øygruppe på 32 øyar nord for Skottland.
• Øygruppa har kring 23.000 innbyggjarar.
• Shetland, eller Hjaltland, låg under norsk styre til øygruppa blei pantsett i 1469 som medgift for dottera til Kristian I då ho trulova seg med Jakob III av Skottland.
• Det tydelegaste sporet etter norsk kultur på Shetland er språket. Nesten alle stadnamn som framleis er i bruk kan sporast tilbake til gammalnorsk.
• Folket på øyane snakka lenge sin eigen versjon av norrønt, norn. Språket overlevde fram til 1700-talet i ein modifisert form, då det vart fortrengt av innflyttarar frå Skottland.

Kjelde: Wikipedia

LES FAKTALUKK FAKTA

The Lerwick Brewery har inngått eit samarbeid med University of the Highlands and Islands for å utvikla ein ny type øl med namnet «Kjøl», heiter det i ei pressemelding. Øltypen blir lansert i samband med den årlege regattaen mellom Bergen til Shetland 24.-29. juni. Arrangementet, som no er i det 29. året sitt, ser rundt 200 konkurrentar segla frå Bergen i opptil 40 båtar.

Det er tilsette ved senteret for nordiske studiar ved universitetet, basert på Shetland College, som har jobba med bryggeriet for å bidra til å utvikla merkevarebygginga.

LES OGSÅ: Først ut med øko-øl

– Me er opptatt av å bidra til at Shetlands yngste bryggeri får undersøkja høva for å utvida marknaden sin med eit nytt utval av kulturelle nisjeprodukt som vil vera av interesse for lokale, nasjonale og internasjonale marknader, seier Silke Reeploeg, forskar ved Shetland College.

– Me ønskjer at merkevarebygginga reflekterer den delte maritime kulturen i dei nordlege øyane og Skandinavia.

LES OGSÅ: Øl-svolten torsk

Første gong?
Til Framtida.no seier Silke Reeploeg at ho ikkje kjenner til andre produkt i Storbritannia som er marknadsført på nynorsk tidlegare.

–  Så det er meir enn noko anna ein god grunn til å bruka nynorsk, seier ho og legg til:

– Flesteparten av seglarane som deltar i seglasen er frå Vestlandet, og me ønskjer at dei skal kjenna seg velkomne her. Difor gir det meining å snakka til dei på deira eige språk. Ølet feirar det historiske og kulturelle forholdet mellom Vestlandet og Shetland. Ved å bruka nynorsk får me fram på ein morosam måte at det er meir enn eitt skriftspråk i Noreg, noko ikkje alle er klar over her.

LES OGSÅ: Nynorsk på frammarsj i Afrika

– Nynorsk er sexy
Forskaren ved Shetland College seier ho er interessert i måten folk bruker minoritetsspråk og dialektar i Shetland og Noreg som ei kjelde til stoltheit og identitet.

– Å ha nynorsk ved sida av engelsk er eit anna morosamt poeng, fordi Shetland har sin eigen dialekt, og som ofte blir brukt lokalt for å visa skilnaden mellom sentrum- og periferipolitikk i Skottland og Storbritannia.

Sjølv vaks Silke Reeploeg opp i Sør-Tyskland der ho snakka dialekt.

– Eg saknar veldig lydane og frasane frå dialekt, og nynorsk minner meg om at desse lydane finst i andre språk også. Eg trur dialektbrukarar i Skottland kjenner det på same måten. Eg synest nynorsk, sjølv for meg som ikkje snakkar norsk sjølv, verkeleg ser sexy ut. Er det lov å seia?

LES OGSÅ: – Dette er Noregs mest sexy dialekt

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE