– Stygg ripe i lakken, seier Frederic Hauge.

NPK-NTB-Mats Rønning
NPK-NTB-Mats Rønning

Klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H) får meldinga om iskanten i retur frå Stortinget. Ein samla opposisjon seier nei til dei nye berekningane, får NTB stadfesta.

Partia har ulike grunngjevingar for kvifor dei vende tommelen ned då energi- og miljøkomiteen torsdag kom med innstilling om saka.

Arbeidarpartiet og Senterpartiet er først og fremst kritiske til sjølve prosessen, medan Venstre, KrF, SV og Miljøpartiet Dei Grøne i tillegg ønskjer ein ny og strengare definisjon av kvar isen i Barentshavet går.

Spørsmålet er politisk betent fordi Stortinget seier klart nei til oljeverksemd ved iskanten.

LES OGSÅ:Iskanten har krope mot nord

Ber Sundtoft tenkje seg om
I den oppdaterte berekninga frå regjeringa vert iskanten trekt nord for alle tildelte blokker i den omstridde 23. konsesjonsrunden.

Dersom faglege råd var blitt følgde og iskanten hadde fått ein ny definisjon, ville oljeverksemd i praksis ha vore uaktuelt i sju av dei nordlegaste blokkene. SVs Heikki Eidsvoll Holmås er tilfreds med at regjeringa no får meldinga i retur.

– Regjeringa mislykkast i forsøket sitt på å flytte iskanten for å bore etter meir olje. No er det på tide at regjeringa tenkjer seg grundig om og rådfører seg grundig med støttepartia sine Venstre og KrF, seier Holmås (bildet) til NTB.

I regjeringsmeldinga er iskanten definert som område der sjansen for sjøis i april vert anslått til minst 30 prosent. Arbeidarpartiet ønskjer ikkje ein ny og strengare definisjon no, men går inn for at spørsmålet vert svart på på nytt i samband med den ordinære rulleringa av forvaltningsplanen i 2020.

LES OGSÅ:– Noreg har to oljeministrar

– Dårleg handverk
Arbeidarpartiets Eva Kristin Hansen meiner regjeringa og klimaministeren har gjort dårleg politisk handverk.

– Det er bra at Stortinget sender ho tilbake. Neste heilskaplege revidering av forvaltningsplanen må baserast på miljøfaglege råd og høyringar, seier Hansen til NTB.

Ho understrekar at rammene for den 23. konsesjonsrunden er lagt i Stortingets vedtak om opning av Barentshavet søraust og seier at tildelingane står ved lag.

Miljøpartiet Dei Grønnes Rasmus Hansson meiner torsdagens vedtak må få følgjer for kvar oljeindustrien får lov å bore.

– Dette er eit klokkeklart signal til regjeringa om at dei ikkje har frie tøylar i oljepolitikken, seier han.

Også i miljøorganisasjonane var det jubel å spore torsdag.

– Sundtoft har prøvd seg på ei uakseptabel omgåing av forvaltningsplanen. No har Stortinget sagt klart frå om at han ikkje kan endrast når statsråden og oljeindustrien føler for det. Dette er ein stygg ripe i lakken for Sundtoft, seier Bellona-leiar Frederic Hauge.

Helga Lerkelund i Naturvernforbundet seier organisasjonen no forventar at dei nordlegaste oljeblokkene vert trekte tilbake. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

ANNONSE