Éi av 20 norske jenter har blitt valdtatt før dei fyller 18 år. Ungdomspartia frå venstresida og sentrum utfordrar Stortinget på ein nasjonal dugnad mot valdtekt.

mm

Éi av ti kvinner i Noreg blir valdtekne i løpet av livet, ifølgje ei undersøking frå Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress.

I dag var Unge Venstre, KrFU, Senterungdomen, Grøn Ungdom, AUF, Raud Ungdom og Sosialistisk Ungdom på Stortinget for å invitera med moderpartia på ein dugnad mot valdtekt.

– Me har i samarbeid utarbeidd desse tiltaka for færre valdtekter, for å få fleire dømt, for å minimera dei negative etterverknadene etter valdtekt og for at folk skal føla seg trygge. Me står saman bak alle forslag. Alle skal leva i tryggleik. Derfor vil SU starta ein nasjonal dugnad mot valdtekt, seier Nicholas Wilkinson, leiar i Sosialistisk ungdom (SU).

Han minner om at moderpartia deira har fleirtal på Stortinget, og ber om dei finn saman om forslaga.

– SV vil no jobba for å få eit forlik med dei andre fleirtalspartia på sentrum-venstresida. Me håpar å få fellesforslag opp i Stortinget til hausten. Me har inga tid å mista, seier Wilkinson til Framtida.no.

LES OGSÅ: Bryt stilla om valdtekt

– Uakseptabelt
– Ofte blir offer for voldtekt ståande heilt åleine med ei enorm skuldkjensle, og tør ikkje gå vidare med det. Dette kan me ikkje stå og sjå på. Seksualundervisinga i skulen må i større grad ta for seg grensesetting, samtidig som offer for valdtekt må bli tatt alvorleg og få god oppfølging og hjelp, seier nestleiar i KrFU Ida Lindtveit i ein kommentar på KrFU sine Facebooksider.

– Dette handlar om å endra haldningar. Det er helt uakseptabelt at grenser blir trakka på. Her vil KrF vera med på å gjera endringar for å førebygga valdtekter, og gi betre hjelp til dei som har vore utsett for valdtekt, seier nestleiar i KrF Olaug Bollestad.

LES OGSÅ:– Tek makta frå orda

HER ER KRAVA FRÅ UNGDOMSPARTIA:

Skulen

1 . Sikra lærarane god opplæring om grensesetting, respekt for grenser og valdtekt så dei nye måla til læreplanen kan bli tatt vare på på ein skikkeleg måte.

2 . Greia ut kven som skal stå for kva for deler av seksualundervisinga. Skal alt gjerast av læraren eller bør helsesyster, miljøarbeidarar, eksterne organisasjonar og/eller andre vert kopla inn for å stå for deler av undervisinga?

3 . Sikre alle ungdomsskuleelevar opplæring i kva valdtekt er og korleis ein melder valdtekt.

4 . Alle elevar i ungdomsskulen skal ha minst 8 timar seksualundervisning per år.

5 . Gje alle elevar i barneskulen opplæring i grensesetting.

6 . Elevundersøkinga må innehalda spurnad om seksuelle grensekrenkingar og valdtekt for å gje meir informasjon om problemet.

7 . Minimumskravet til Helsedirektoratet til skulehelsetenestetilbod må gjennomførast med minimum eit helsesysterårsverk per 550 ungdomsskuleelevar og minimum eit helsesysterårsverk per 800 vgs-elevar.

Politi

1 . Ekstra øyremerkte middel til seksjonane for seksuallovbrot.

2 . Styrke valdtektsgruppa i KRIPOS med 32 millionar kroner for å auka mengda tilsette frå 16 til 48.

3 . Redusera ventetida for DNA-analysar.            

4 . Informasjon som vert innhenta ved melding av valdtekt skal ikkje kunna brukast til anna enn saka det gjeld. Informasjon om opphaldsstatusen til den som melder saka til politiet skal til dømes ikkje verta til sendt utlendingseininga. Det sikrar at alle trygt kan melda valdtekt.

5 . Avhøyr av fornærma i overgrepsakar skal prioriterast og skal skje innan ein dag etter melding.

6. Etterforsking skal startast opp med ein gong etter enda avhøyr med fornærma.

7. Hald fram og styrk «Kjernekar».

8. KRIPOS må sikrast betre dataverktøy for å ta serieovergriparar. Krav om slike verktøy må inkluderast i utviklinga av MERVERDIprogrammet og KRIPOS må sikrast betre reiskapar fram til dette programmet er klårt.

Annan førebygging

1. Endra kompetansemåla for utdanning av lærarar, barnelærarar, barnevernspedagogar og helse- og sosialfagsarbeidarar til å inkludera kunnskap om seksualisert vald og overgrep, og typiske teikn på desse.

2. Det må køyrast fleire kollektivruter om natta.

3. Greia ut Heim for ein 50-lapp-ordninga.

4. Sikra god belysning i alle deler av storbyene.

5. Ingen høge hekkar på offentlege eigedomar nær viktige gågater.

Departementet

1. Rullera og oppdatera handlingsplanen mot valdtekt.

2. Sikra god opplæring om kjønnsbasert kriminalitet og seksualisert vald på politihøgskulen.

3. Setja av 40 millionar kroner til søknadspott for organisasjonar som førebyggjer valdtekt og andre seksuelle krenkingar.

4. Halda ei nasjonal omfangundersøking om valdtekt og andre seksuelle krenkingar.

Lovverket

1. Endra valdtektslovgjevinga slik at sex oppnådd gjennom psykisk press òg blir rekna som voldtekt.

2. Innføra obligatorisk opplæring av dommarar, meddommarar og jurymedlemmar som skal handsama valdtektssaker om korleis vanlege haldningar og fordomar om kjønn og seksualitet kan påverka domsseiinga.

Oppfølging i ettertid

1. Greia ut om valdtektsmottaka bør organiserast under sjukehusa eller legevaktene.

2. Lovfesta valdtektsmottaka.

3. Alle som har vorte utsett for valdtekt skal få tilbod om inntil eitt år gratis psykologhjelp.

4. Kvar helseregion skal ha ei eiga psykologisk spesialistgruppe som jobbar med valdtekt og overgrepsaker, med eigen kø og ventetid.

5. Alle valdtektsmottak skal ha ein eigen tilsett psykolog, etter modell frå Karolinska i Stockholm.

6. Behandlingsopplegg for alle overgriparar.

7. Oppretta eige behandlingstilbod for unge overgriparar etter modell frå Sverige.

8. Sikra at òg menn har tilgjenge på eit godt tilbod i alle fylke.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE