Søkjelys på nynorsk som fagspråk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fiskerstrand er stipendiat ved Nynorsksenteret og studerer fagtekstar i samfunnsfag skrivne av yrkeselevar med nynorsk som hovudmål. Sidan det knapt finst fagkjelder på nynorsk, møter desse elevane andre utfordringar enn bokmålselevane.

LES OGSÅ: – Språket er det viktigaste verktøyet

Ho meiner at mange ser på det som eit hinder at ein ikkje har tekstar med faguttrykk på eige mål, men meiner sjølv at det ikkje treng å vera det.

– Når ein jobbar med kjelder på eit anna språk, må ein tenkja over språket i tillegg til innhaldet i det ein skriv, og det er vist at ein då kan læra innhaldet betre. Bokmålselevar treng ikkje arbeida språkleg, dei kan berre reprodusera dei same termane dei les i kjeldene, seier Fiskerstrand.

Fiskerstrand held føredrag fredag 26. juni på Aasen-tunet som del av Dei nynorske festspela. (©NPK)

LES OGSÅ: No blir det nynorskløft i Bergen