Fleire nordmenn konverterer til islam
Dei siste 15– 20 åra har om lag 2.500 personar konvertert til islam i Noreg, anslår forskarar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fleire konverterer til islam
På slutten av 90-talet viste ei kartlegging rundt 500 konvertittar. Islamforskar Anne Sofie Roald anslo i underkant av 1.000 personar i 2005, omtrent det same som kollega Kari Vogt estimerte i 2008, skiv Aftenposten.
LES OGSÅ: – Islam handlar om å bygga fred
I dag er talet tre gonger så høgt, ifølgje Vogt. Roald er einig i anslaget.
– 3.000 konvertittar er eit tentativt tal. Tradisjonelt har konverteringar i samband med ekteskap vore det mest vanlege, men dei seinare åra ser vi både i Noreg og resten av Europa at såkalla «kamerat-konverteringar» får fotfeste. Det er unge muslimar som eksponerer ikkje-muslimske jamaldra for islam, seier Kari Vogt til Aftenposten.
Det blir ikkje ført eigen statistikk over kva tru folk høyrer til i Noreg, men forskarar antar at det er vel 200.000 muslimar i Noreg i dag. (©NPK)
LES OGSÅ: Dette er jihad