– Islam handlar om å bygga fred

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Handlar om å bygga fred

Markeringa der norske muslimar vil vise solidaritet og støtte med norske jødar etter terrorangrepa i København har på førehand fått brei mediedekning både nasjonalt og internasjonalt.

LES OGSÅ: – Desse ungdommane er førebilete 

– Drepa fordommane
Bak grasrotinitiativet står åtte muslimske ungdommar.

– No får me endeleg sjansen til å endra inntrykket av islam. Abid Raja kom med sterke påstander om at muslimske gutar blir flaska opp på jødehat. I dag har me knust den påstanden, sa initiativtakar Hadia Arshad (17) til dei farmmøtte.

– Om me ikkje kan leva side om side, korleis kan me forventa å bli respektert som minoritetar i dette landet? Me skal i dag legga fortida bak oss og saman som ein nasjon drepa fordommane mot kvarandre. Tusen hjerteleg takk for oppmøtet, haldt 17-åringen fram.

LES OGSÅ: Jødehatet på frammarsj i Europa

Frå jødehatar til jødeven
Det jødiske samfunnet i Noreg har vore svært positive til initiativet og var òg delaktige i markeringa. Ved inngangen til synagogen på St. Hanshaugen i Oslo avslutta rabbineren og meinigheita sabbaten med bønnesang og ljostenning.

Ein av initiativtakarane hadde eit ekstra betent forhold til jødar for nokre år tilbake. I 2009 vakte Ali Chishti merksemd med antisemittiske uttalingar, som han på ingen måte står for i dag.

– I dag, fem år seinare, står eg her og beskyttar mine jødiske vener, sa 30-åringen.

Han strekar under at islam handlar om å byggja fred, og vil ikkje lenger la ekstremistar ha defineringsmakta over religionen sin.

– Me må kjempa for fred og fridom like iherdig som dei som spreier hat og frykt. Det er fred me ønskjer, seier Chisti.

LES OGSÅ: Fem tusen samla mot ekstremisme

Politioppmøte
Israels ambassadør i Noreg, Raphael Schutz, var ein av dei mange som sette pris på den sterke markeringa frå muslimske ungdommar i Noreg.

– Det som skjedde i kveld var at den moderate og fredelege, men som oftast tause majoriteten, kom fram i ljoset med sin bodskap. Eg er sikker på at det ikkje er mogleg å sjå på dette med noko anna enn positive auge, seier Schutz til NTB.

Men arrangørane har fått nokre negative tilbakemeldingar frå ekstreme stemmer og politiet var på plass for å syte for at alt gjekk fredeleg for seg.

LES OGSÅ: Moxnes til Pegida: – De er likare ekstremistane enn de trur

Norske muslimars stemme
Lars Gule, som forskar på ytterleggåande islamisme, rosar tiltaket. 

– Dette er ei unik markering, og det viser òg internasjonal merksemd. Det fortel at norske muslimar er i ferd med å finne ei stemme, og at islam har funnet ein plass i det norske samfunnet, seier Gule til VG.

Initiativtakarane sjølv var strålande nøgd med oppmøtet og merksemda solidaritetsmarkeringa har fått.