Når det laver av blomar på strå

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Teksta var først publisert på nettsidene til Aasen-tunet. 

Vår. I vinduskarmen står eggeglas med markblomar i. Blomar med alt for kort stilk, røska opp av små fingrar saman med gras og mose. Dotter mi har kome inn frå hagen med dagens blomefangst, og no står dei rufsete stilt ut i vinduskarmen. Det er løvetann, tusenfryd og tre-fire andre. Tre-fire andre.

«Mamma, kva heiter den blomen der?»

Blomen liknar litt på løvetann, han er lengre, slankare og nettare. Det er ikkje hestehov heller. Blomen veks både langs vegkanten, langs husveggen og stort sett der eg ferdast ofte. Eg veit eigentleg kva han heiter, men kjem ikkje på namnet.

«Eg hugsar ikkje heilt kva han heiter. Han liknar litt på løvetann. Det er den der. Og denne heiter tusenfryd.»

«Denne då, mamma?»

«Eg hugsar det ikkje.»

«Den då?»

«Eg er ikkje heilt sikkert på den heller. Eg trur den heiter noko med soleie. Den liknar på smørblomst»

«Og denne då?»

«Vennen, gå og leik no. Eg skal lage middag.»

Det er ikkje kjekt å innrømme det: Eg kan ikkje namnet på dei vakre blomane bak huset, i skogen, langs vegkanten. Blomane eg har sett komme att kvar einaste vår og sommar, som eg har plukka, satt i vase og gledd meg over sidan eg var lita jente. Eg greier ikkje å hugse namnet på dei.

Eg hugsar namnet på ei rekkje reality-kjensidar eg verken har glede av eller kan pynte med. Dei greier eg å namngje og skilje ifrå kvarandre. Men den store, lilla strandblomen og den vesle, kvite skogblomen greier eg ikkje å skilje frå kvarandre med namn.

Då Ivar Aasen var i midten av 20-åra laga han eit herbarium med 509 plantar. Vekstane har han plukka, pressa, kategorisert, namngitt og limt pent og prydeleg på store ark. Ein kan sjå herbariet i utstillinga i Ivar Aasen-tunet. Framleis, nesten 200 år seinare, ser ein at stilkane og blada er grøne, dei lilla blomane er lilla og dei gule er framleis gule. Flinke botanikarar som har vurdert herbariet, finn nesten ingen feil. Botanikaren Johannes Lid meinte at Ivar Aasen må ha hatt ei uvanleg evne til å sjå skilnaden på plantane.

Dersom eg kjende namnet og skilnaden på fleire av vekstane rundt oss, ville samtalane med døtrene mine om plantane langs vegen, i skogen og bak huset bli meir meiningsfulle. Då kunne vi snakke om meir enn farge og storleik. Vi kunne gjere det å plukke blomar til noko meir enn å setje dei i ein vase. Vi kunne gi skogsturen eit innhald ut over det å gå. Timen bak huset etter barnehagetid kunne blitt meir interessant. Også for meg.

Årets prosjekt heiter herbarium. Eg skal kjøpe inn blomsterpresse, flora og kontaktpapir. Sidan eg ikkje kan gi jentene mine nødvendig kunnskap innan plantelære, får vi lære det saman. Vi skal samle, namngi, presse og lime inn. Og når dei mørke kveldane kjem, skal vi alle vite at dette året reiste ikkje sommaren frå oss. Vi tok han med oss inn i hausten og vinteren mellom to permar.

God sommar!