Studentar kan revolusjonera oppdrettsnæringa

Studentane frå Ålesund løyser ei stor utfordring i oppdrettsnæringa, og gjer oss meir sjølvforsynte med grønsaker i same vending. Slikt blir i alle fall NM-gull av.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan revolusjonera oppdrett

Under NM for studentbedrifter var det ei gruppe frå Ålesund – bedrifta Lotics SB – som til slutt klatra heilt til topps.

Dei såg nærare på oppdrettsnæringa, og eit stort problem næringa har slitt med i mange år. Problemet er utslepp av næringssalt – som fosfor og nitrogen – i havet. Oppdrett er faktisk den største kjelda til menneskeskapte utslepp av næringssaltar langs kysten, ifølgje Miljøstatus.no

Ved å nytta seg av plantene si eiga evne til å ta opp næring og reinska vatn, kan idéen til Lotics SB gjera oppdrettsnæringa lang meir berekraftig for framtida.

LES OGSÅ: Slik skal 20-åringen reinska verdshava

Marknadsansvarleg for Lotics SB, Tomas P. Stavik, er strålande nøgd når Framtida.no ringer.

– Fyrsteinntrykket er at dette er heilt uventa – konkurransen har vore sterk. Det har kanskje ikkje gått heilt opp for meg enno.

Han forklarar kvifor arbeidet dei gjer kan verta viktig for framtida.

– Oppdrettsnæringa har ein del utslepp av næringssalt som kjem ut i havet. I store mengder kan det vera farleg for fisken.

Systemet baserer seg på aquaponics, eit velbrukt produksjonssystem som kombinerer akvakultur og plantedyrking.

– Eit lukka settefiskanlegg har store tankar med fisk som står i eit bygg eller på land. Me skal pumpa vatn frå desse tankane, og over til bygget eller drivhuset vårt i nærleiken. Det skal det stå store rader med planter, der røtene står i vatn, ikkje i jord. Vatnet blir pumpa til plantene som te opp næringssalta og reinskar vatnet, før det blir sendt tilbake til fisken. Slik får også fisken reinare vatn, forklarar Tomas P. Stavik.

Det høyres overraskande enkelt ut, og grunnen til at det ikkje har blitt gjort tidlegare er like enkel: Det har rett og slett ikkje vore god nok forsking på feltet.

Idéen bringer med seg fleire fordeler – også for annan mat enn fisk.

– Slik får me produsert store mengder sprøytefrie grønsaker av høg kvalitet, som me vil selja i Noreg. Me importerer meir og meir, på denne måten får me auka sjølvforsyningsgraden vår.

LES OGSÅ: – Berekraft kan ikkje vedtakast

Lotics SB får skryt frå juryen i NM for studentbedrifter.

– Desse studentane har fått ei grunnleggande forståing for innovasjonsprosessar, dei har opparbeidd seg nettverk og dei har fått testa ut forretningsideane sine i trygge rammer. Erfaringane deira vil komma både dei sjølv o samfunnet til gode – anten dei blir arbeidstakarar eller arbeidsskaparar, seier Tor Kåpvik, fungerande administrerande direktør i Ungt Entreprenørskap Norge i ei pressemelding.

Test deg sjølv:Kor berekraftig er du?