Kunstnaren Nathanael Larsson har laga eit kunstverk på Stord som skapar debatt: Kva kjønn har syklisten på veggen?

Olav Røli, Bladet Sunnhordland
Olav Røli, Bladet Sunnhordland

Saka var først i Bladet Sunnhordland.

Måndag kveld la Sunnhordland ut ei sak der me skreiv at Stord hadde fått seg ny dame. Oppe på veggen på Telebygget var det nemleg måla eit bilete av ein syklist, og Sunnhordland var klar på at dette var ei kvinne.

Men i kommentarfeltet kom det fleire reaksjonar frå dei som meinte at dette ikkje var ein kvinneleg syklist, men ein mann. Mannen bak måleriet, Nathanael Larsson ønskjer ikkje å bestemma kjønn.

– Det spørsmålet skal stå ope. Det vert opp til vedkommande som ser å avgjera, seier kunstnaren.

LES OGSÅ: Internett er splitta – kva farge har denne kjolen?

Hatlevik nøgd
Skissene til syklisten vart laga av Larsson, i samarbeid med Simeon Frohm og Johan Stahre. Han ønskjer også å takka Magdalena From Delis, Brita Grov og Melissa Madelen Dahl, som har hjelpt han i arbeidet.

– Elles vil eg takka naboane som har komme med innspel undervegs i prosessen, og Svein Hatlevik som har gjeve oss fritt spelerom, seier Larsson.

Les også: Nathanael Larsson leverte frå seg kebabkunst til Stord kommune

Svein Hatlevik er eigar av Telebygget. Han hadde ingen problem med å stilla veggen til disposisjon. No når kunsten er ferdig, er han nøgd med resultatet.

– Syklisten er heilt fantastisk. Dette gjer seg på plassen, og det er flott med litt utsmykking i sentrum. Eg set pris på slike initiativ, seier han.

Hatlevik seier måleriet skal vera på veggen lenge.

– Me måla veggen i fjor, og så lenge måleriet held seg, og ikkje er i vegen for vedlikehald, skal det få stå, seier han.

Ikkje følgja opp
Lovise Vestbøstad, einingsleiar i regulering, byggjesak og oppmåling i Stord kommune, har undersøkt om måleriet bryt regelverket.

– Reglane om søknadsplikt gjeld skilt og reklameinnretning. Så er det eit spørsmål om dette er eit skilt. Etter Plan- og bygningslova er det søknadspliktig om det er større enn tre kvadratmeter. Kommuneplanen er strengare og seier ein halv kvadratmeter. Kommuneplanen seier også at graffiti skal fjernast straks. Om eg skal vera veldig firkanta, så er nok dette søknadspliktig, men kommunen kan også sjå bort frå søknadsplikt. Denne syklisten vurderer eg å vera i ein kategori me ikkje ser behov for å følgja opp, dette har også med plassering å gjera, seier Vestbøstad.

Men, legg ho til: 

– Dersom det kjem massive naboprotestar, så må me nok gå meir firkanta inn i saka. Førebels har ingen klaga på kunstverket, seier ho.

LES OGSÅ: Ser du kva som skjer her?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

LES OGSÅ

ANNONSE