Oljefondet trekker seg frå kol

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Resultatet av dette er at det skjer meir på klimadelen i Oljefondet enn det nokon gong tidlegare har gjort, seier Hans Olav Syversen (KrF) til E24. Han sit i Finanskomiteen, som i går avslutta eit møte der alle partia vart einige i at Oljefondet skal trekka seg ut av miljøverstingane.

Det betyr kolkraft- og kolgruver – alle selskap som baserer meir enn 30 prosent av inntekta eller verksemda på kol, mistar investeringane frå Oljefondet.

Test deg sjølv: Kor berekraftig er du?

– Eg er veldig godt nøgd med at alle partia no har komme til semje om å trekka fondet ut av kol. Kol er i særklasse den kjelda som står for dei største utsleppa av klimagassar, så dette er ein stor klimasiger, seier Torstein Tvedt Solbert (Ap) til E24.

Når alle partia no er einige, er det berre ein formalitet som står igjen – det skjer 5. juni, når Stortinget skal vedta forslaget.

Det som kjem då, er sjølve gjennomføringa – alle detaljane er ikkje på plass. Når vedtaket er gjort, skal Norges Bank og Etikkrådet gi råd for gjennomføringa. Til dømes er ikkje grensa på 30 prosent heilt låst fast. Det talet var også det vanskelegaste punktet for partia å bli samde om, skriv E24.

Ein milepæl
Nina Jensen, leiar i WWF Norge, seier til NRK at ho gratulerer både Stortinget og folket med vedtaket.

– Her ser me at politikarane våre er i stand til å levera både kloke og framtidsretta avgjersler.

Jensen trur avgjersla kan påverka andre.

– At verdas største pensjonsfond trekk seg ut, vil flytta fjell internasjonalt, seier Jensen til NRK.

LES OGSÅ: Førdefjorden: – Kan bli ein langvarig strid