Fleirtalet vil ha opptaksintervju for lærarstudentar

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik vil dei sila ut lærarar

I ei rekke av tiltak som gjer det vanskelegare – og med det meir attraktivt, er håpet – å bli lærar, er no Høgre, Frp og KrF samde i å innføra opptaksintervju for lærarutdanningane. Det skriv Aftenposten.

No er forslaget, som vil bli fremja av KrF, til behandling i Stortinget. Saman dannar dei tre partia eit fleirtal, og derfor er det truleg at forslaget går gjennom – men det skal vera opp til kvar læreplass å innføra kravet om intervju hos seg.

LES OGSÅ: Lærarane blir ikkje betre av høge karakterar

Isaksen er positiv
Om opptaksintervju blir ein realitet, kjem det på toppen av strengare karakterkrav og eit år lengre utdanningsløp for lærarar frå 2017. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) er positiv.

– Eg er meir enn open for at ein skal prøva det. Eg har allereie varsla at om nokon ønskjer å ha andre og strengare opptakskrav enn i dag, til dømes intervju i tillegg til karakterkrava, er eg open for å godta det, seier Isaksen til Aftenposten.

Argumentet for å innføra opptaksintervju er at det skal meir til enn gode karakterar for å bli ein god lærar. Anders Tyvand (KrF) i Utdanningskomiteen forklarar for Aftenposten at ein må ha evna til å kommunisera med barn og unge, formidla ein bodskap, bygga relasjonar og vera leiar.

Men forslaget er ikkje uproblematisk. I år var det 760 studentar som hadde grunnskulelærarutdanning som førsteval berre hos Høgskulen i Oslo og Akershus. Det krev praktiske løysingar, men høgskulen seier til Aftenposten at dei er positive til forslaget om desse kjem på plass.

LES OGSÅ: Rekordmange lærarar har søkt om etterutdanning