28 av 40 kommunar som har svart, er positive. Frp- kommunar er ikkje mykje meir negative enn andre kommunar.

NPK-NTB
NPK-NTB

Det viser ein gjennomgang som Dagbladet har gjort av svara som 40 kommunar har gitt Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. Dei andre tolv er hovudsakleg avvisande.

LES OGSÅ: Ordførarkandidaten opnar hemen for flyktningar

Sentralt Frp-nei
Departementet har spurt alle kommunane i landet om korleis dei stiller seg til å ta imot fleire flyktningar. Svarfristen er 27. mai, men mange kommunar har bede om utsetjing på fristen.

På landsmøtet tidleg i mai sa Frp eit tydeleg nei til å ta imot 10.000 flyktningar frå Syria i år og neste år. Alle opposisjonspartia på Stortinget har derimot landsmøtevedtak på dette.

Av dei fem Frp-styrte kommunane som så langt har svart, er tre positivt innstilt til fleire Syria-flyktningar. I fleire Frp-styrte kommunar har ordføraren måtta bøye av for eit fleirtal, skriv Dagbladet.

LES OGSÅ: AUF jublar over Støre-tale

Positive i Rogaland
Ein undersøking Stavanger Aftenblad har gjort hos 19 kommunar i Sør-Rogaland, viser at det er eit rungande ja til å bli med på ein flyktningdugnad. Heile 14 av dei 17 kommunane som har svart, er positive, skriv avisa. Men føresetnaden er at staten bidrar med pengar.

Ei undersøking Ipsos MMI har gjort for Dagbladet, viser at befolkninga er delt omtrent på midten i denne saka.

Statistisk sentralbyrå har rekna ut at 10.000 ekstra FN-flyktningar frå Syria vil koste minst 20 milliardar kroner over ein tiårsperiode. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE