60 millionar for å gjere Logen til nynorskteater

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

60 mill. for nynorskteater

Hordaland Teater har lenge ønskt seg til sentrum, og det ser ut til at ein langtidsavtale med eigaren av Logen kan gå i orden, fortel Bergens Tidende.

LES OGSÅ:– Køyr på med nynorsk, Bergen!

No syner eit overslag frå Norconsult eit finansieringsbehov på 57,6 millionar kroner for å tilpasse Logen for teateret. Overslaget er basert på ein arkitektstudie for bruk av Logen, og inkluderer nybygg, tilpassing og teknikk. I tillegg kjem ei årleg husleige på to millionar kroner, skriv BT.

Hordaland teater er finansiert av staten (70 prosent) og Hordaland fylkeskommune (30 prosent), og fekk totalt 16,65 millionar kroner i offentlege tilskot i 2015. Skal fylket ta sin del av meirutgiftene, må tilskotet aukast med 3,5 millionar årleg. Tilskotet frå staten må også trappast opp fram mot 2018. Då må staten ut med 18,6 millionar kroner i året, ifølgje BT. Fylkestinget skal handsame saka i juni.

LES OGSÅ: – Eg risikerer å aldri nå mitt fulle potensiale i Noreg