– Bergen er nynorskhovudstaden i Noreg, seier Erlend Horn (V) etter at fleirtalet i bystyret vil overkøyra Høgre.

Svein Olav B. Langåker

Jacob Mæhle (H) ville be bystyret innføra valfritt sidemål på vidaregåande skular. Svaret frå ein samla opposisjon er å be om meir sidemål i grunnskulen, melder Bergens Tidende.

Bakgrunn: Sidemålsforslag skapar sinne i Bergen

På bystyremøtet denne veka vil samtlege opposisjonsparti stemma for eit forslag om å innføra sidemål allereie i tredje klasse på grunnskulane i Bergen.

Dermed må byrådspartia Høgre og Frp be sentrale styringsmakter om å få setja i gang eit slikt forskingsprosjekt i byen.

Venstre tok initiativ til å ikkje berre stemma imot forslaget om valfritt sidemål, men ville òg koma med ei styrkt sidemålsundervising allereie i småskulen. Arbeiderpartiet, Sp, Raudt, SV, KrF, Miljøpartiet Dei Grøne og Byluftlisten blei med på dette.

– Bergen er nynorskhovudstaden i Noreg. Me må visa den stoltheita og tilhørsla me har til Vestlandet, seier Erlend Horn (V) i ei pressemelding.

LES OGSÅ:Draumen om ein bokmålsoase

Vil ha begge målformer i alle fag
I tillegg til å innføra opplæring i sidemål allereie frå tredje klasse, heiter det i forslaget at elevar skal eksponerast for både hovudmål og sidemål i dei andre faga på skulen.

– Det er ein god del forsking som viser at jo yngre du er, jo betre lærer du språk. Derfor vil me få inn sidemålet før folk kjem i puberteten. Då trur me det vil festa seg betre, forklarer Erlend Horn.

Han trur også det kan gjera at elevane lettare lærer seg framandspråk seinare i skulegangen.

Bergen kommune eig grunnskulane, og opposisjonspartia vil no be byrådet om å be om tillating til å innføra eit slikt prosjekt frå sentrale styresmakter. Tanken er at sidemålet skal innførast som eit forskningsprosjekt på inntil tre skular allereie i komande skuleår.

– Me veit at byrådspartia er imot dette, men når fleirtalet gir marsjordre reknar me med at skulebyråden vil følgja opp med stor entusiasme, seier Horn.

Test deg sjølv: Kor godt forstår du bokmål?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

LES OGSÅ

ANNONSE