Noreg signerte energicharter

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til saman 72 statar sluttar seg no til avtalen saman med EU, EUs atomenergikontor Euratom og Organisasjonen for økonomisk samarbeid i Vest-Afrika (Ecowas).

Ekspedisjonssjef Odd Sverre Haraldsen i Olje- og energidepartementet signerte traktaten på vegner av Noreg under ein konferanse i Haag torsdag. Haraldsen har òg vore leiar for stategigruppa som har utarbeidd traktaten.

Energicharteret er tenkt som eit første steg på vegen mot ein meir bindande internasjonal energitraktat. Intensjonen er på sikt å skape trygge investeringsforhold og føreseielege energimarknader og å møte den aukande kraftetterspørselen i verda på ein berekraftig måte. (©NPK)

LES OGSÅ: Abu Dhabi: Olje kan ikkje matcha solkraftx|