Franske matvarekjeder får ikkje lenger lov til å destruere mat

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje lov til å kasta mat

Lova blei samrøystes vedtatt i den franske nasjonalforsamlinga torsdag, og den gir supermarknadane pålegg om å donere mat som ikkje er selt men som ein framleis kan ete til velgjerd, eller sørgje for at kassert mat går til dyrefôr.

LES OGSÅ: Her blir det satsa på «snåle» grønsaker

Alle dei store matvarekjedene i Frankrike må frå no av inngå kontraktar med velgjerande organisasjonar som skal formidle dei matvarene som ikkje er selt til dei som treng det.

Kvar franskmann kastar mellom 20 og 30 kilo mat i året, og til saman blir dette mat for nærmare 170 milliardar kroner.

Den franske regjeringa har tatt mål av seg til å halvere mengda mat som blir kasta innan 2025.

I Noreg kasta vi i fjor i gjennomsnitt 46,3 kilo matvarer kvar, til saman 231.000 tonn mat til ein verdi av rundt 12 milliardar kroner. (©NPK)

LES OGSÅ: Folkerop etter stygge poteter