Du blunkar for sjeldan til PCen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Auka konsentrasjon medan me stirar på skjermen er sannsynlegvis viktigaste årsak til at blunkinga blir redusert dramatisk.

– Viss noko er viktig, blir trongen undertrykt til å blunka. Kvar gong me blunkar dekker augeloket pupillen i cirka ein femtedels sekund, men den augneblunken ynskjer me likevel ikkje å gå glipp av, seier dosent Magne Helland ved Institutt for optometri og synsvitskap ved Høgskolen i Buskerud og Vestfold til Newswire.

Instituttet utdannar alle optikarane i Noreg. Dei har tidlegare vist gjennom forsøk korleis blunkinga vert redusert til mellom fem og ti gonger i minuttet når vi konsentrerer oss om små detaljar på ein PC.

– Me opplever ikkje eit blunk som ein augneblunk me ikkje ser noko, eller at alt blir svart, men hjernen ser uansett ut til å mista litt informasjon, seier Helland. 

Når me snakkar med eit anna menneske, blunkar me i snitt 20 til 25 gonger i minuttet.

LES OGSÅ: Fekk betre syn av 3D-film

Fordampar
Augo kan bli tørre og irriterte viss me blunkar for sjeldan.

– Før trudde ein at tørre auge skulda nedsett tåreproduksjon. No veit me at for lite blunking òg er ei årsak fordi tårefilmen på auget då fordampar raskare, seier augelege Sten Ræder. Han er spesialist i augesjukdomar og dagleg leiar ved Tørreøyneklinikken i Oslo.

– Ta pausar
Han rår til å ta pausar frå skjermen. Viss du justerer skjermen og stolen slik at du ser ned på skjermen, vert òg augeopninga mindre og tårefilmen fordampar saktare.

– Du kan òg bruka kunstig tårevæske viss du veit at du skal sitja lengje ved ein skjerm, seier Ræder.

Ein fersk amerikansk studie viser at dei som les ei tekst på papir blunkar like sjeldan som dei som les den same teksta på dataskjerm.

– Men problemet er først og fremst knytt til dagens omfang av skjermbruk. Me ser på digitale skjermar over alt og heile tida, særleg etter at smarttelefonane kom, seier Magne Helland.