Knusande dom over kvalitetsreform

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Knusande dom

Riksrevisjonen, leia av Per Kristian Foss, la i dag fram resultata av deira undersøking av kor godt kvalitetsreformen for høgare utdanning har vore.

– Det har ikkje vore noko betring på ti år, sa Foss, ifølgje Universitas.

LES OGSÅ: Frp-studentar blir meir mobba

Målet med reformen som kom i 2003 var at fleire skulle gjennomføra høgare utdanning, og fleire skulle gjennomføra på normert tid. Resultata er omtrent ikkje-eksisterande – poengproduksjonen til studentane steig med berre 1,5 poeng i snitt i perioden.

Noreg kjem lågt ned på listene når det kjem til gjennomføring av høgare utdanning. Berre 59 prosent gjennomfører utdanninga dei startar på – blant den lågaste andelen av OECD-landa. Berre Sverige, Ungarn og USA kjem lågare enn oss i den rangeringa.

Dette er dystre, men kjente tal, seier Tommy Aarethun, leiar av Studenparlamentet ved Universitetet i Bergen.

Det er avgjerande at tiltak for å betre gjennomføringa av høgare utdanning raskt vert sett i gang. Me ønskjer oss ei fagleg mentorordning for alle studentar og variasjon i undervisinga og vurderinga for å sikra betre oppfølging og dialog mellom studentar og fagleg tilsette, legg han til.

Han argumenterer òg for å auka studiestønaden og gjera studentøkonomien betre.

Aarethun er ikkje nøgd med det kvalitetsreformen har å visa til etter ti år.

No er tida inne for å lytta til studentane som i fleire år har rapportert misnøye med oppfølging og rettleiing i studiane.

LES OGSÅ: Studentar føler dei blir «avbefalt» utveksling