Skular som innførte forbod mot mobilar, opplevde ei forbetring i eksamensresultata på seks prosent. Det går fram i ein ny studie frå fire engelske byar, som er utført av forskarar ved London School of Economics.
– Ikkje berre fann me at elevane gjorde det betre, men også at elevar med svakare resultat og elevar frå familiar med låge inntekter betra karakterane sine mest, seier forskarane Louis-Philippe Beland og Richard Murphy, ifølgje BBC.
Ifølgje forskarane tilsvara effekten av mobilforbodet éin time meir undervising i veka, eller til saman fem undervisingsdagar i løpet av eit år.
LES OGSÅ: Mobilforbod = auka samhandling og aktivitet
Oppdatert:
onsdag 24. mai 2017 16.01