Vaksinemotstandarar er best på nett
Helseinformasjon bør tilpassast etter korleis folk søkjer etter det, meiner forskar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forskning.no skriv om arbeidet til Luis Fernándes Luque og samarbeidspartnarane hans ved forskingskonsernet Norut, som har sett nærare på kor stor tillit folk har til vaksiner.
Eit av funna dei gjorde, var at vaksinemotstandarar er betre til å treffa brukarane på nett enn offentleg helseinformasjon. Grunnen til det er språkbruken.
– Vaksinemotstandarar tilpassar ordbruken mykje betre til dei som søkjer etter informasjon på nettet, konkluderer Luque.
Bakgrunnen er at dei som allereie er skeptiske til vaksiner og søkjer opp informasjon om dei, brukar negative ord når dei søkjer – og derfor treff dei nettsider som er negative til vaksiner, framfor offentleg informasjon som er positive til vaksiner.
– Det blir som i politikken, dei som allereie er negativt innstilt til eit parti vil truleg reagera veldig negativt på det dei har å seia, seier Luque til Forskning.no
LES OGSÅ: Ein av fem trur vaksiner er farleg
Luque har nokre råd til offentleg helseinformasjon for korleis dei betre skal treffa dei som er skeptiske til vaksiner og gi dei meir korrekt informasjon. Mellom anna søkjer skeptikarar med ord som død og skade, ord som ofte blir brukt på sider som er negative til vaksiner. Samstundes bør offentleg helseinformasjon ha personlege pasienthistorier, meiner Luque.
– Folk er ikkje berre interessert i å få fakta. Dei vil ha noko dei kan relatera seg til, seier Luque til Forskning.no.