Mona Steiner Brekkan får stipend frå Noregs Mållag for å tilby hjelp med nynorsk marknadsføring.

mm

Mona Steiner Brekkan frå Radøy får nynorskstipendet for å tilby bokmålsverksemder knytte til Nordhordland Næringshage hjelp til å ta i bruk nynorsk i marknadsføringa og som identitetsbyggjar. Stipendet er på 50.000 kroner og vart utdelt av Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, på Austrheim måndag.

– Styret i Noregs Mållag fall med ein gong for den offensive innretninga på prosjektet. Det høver svært godt til arbeidet Mållaget gjer med ein kampanje for meir nynorsk i næringslivet, og for å skryta av dei som tek i bruk nynorsk i verksemdene sine, seier Marit Aakre Tennø.

Noregs Mållag ser at fleire verksemder byter frå bokmål til nynorsk no enn før. Tidlegare var det gjerne med ei grunngjeving om å kommunisera ekte og tradisjonsrik mat og/eller opplevingar. No ser me at skipsverft, salatprodusentar og plastkasseprodusentar bruker nynorsk også.

– For Mållaget er det å bruka nynorsken viktig aktivt målarbeid. Me er ekstra glade for at verksemder i nynorskområde bruker nynorsken. Det gjer at nynorskelevar i området oftare får sjå sitt eige språk, og det er viktig for lese- og skrivetreninga, seier Marit Aakre Tennø.

– Det vert veldig spennande å følgja med på arbeidet til Mona Steiner Brekkan. Vonleg kan vi læra noko i vårt eige arbeid med å få fleire til å ta i bruk nynorsk.

Noregs Mållag, med støtte frå Kulturdepartementet, deler ut to arbeidsstipend à kr 50 000. Føremålet med stipenda er å hjelpa fram gode prosjekt som kan fremja nynorsk på alle samfunnsområde.

LES OGSÅ: – For oss er det sjølvsagt med nynorsk

Stipendutdeling med lang gratulantrekkje: Frå venstre: Jon Askeland, ordførar i Radøy kommune, Mona Steiner Brekkan, stipendvinnar, Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, Solveig Lerøy, dagleg leiar i Nordhordland næringshage og Per Lerøy, ordførar i Austrheim kommune.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

Kommentarar

ANNONSE