Poseforbruket må kuttast med 80 prosent

Samtidig som regjeringa gir opp den planlagde poseavgifta, kjem EU med krav om at bruken av plastposar må ned med heile 80 prosent innan 2025.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

EU: Poseforbruket må ned

I dag brukar ein gjennomsnittsnordmann 200 vanlege plastposar i året, av den typen ein får eller kjøper i blant anna matbutikken. Eit EU-vedtak seier at dette talet skal ned til 90 innan 2019 og meir enn halverast att til berre 40 i 2025, skriv Dagens Næringsliv.

Vedtaket er førebels ikkje teke inn i EØS-avtalen, men vil bli vurdert på vanleg måte, fortel politisk rådgjevar Jens Frølich Holte (H).

LES OGSÅ: Ein posefri kommentar

Plastposeavgifta er altså førebels lagt på is, men det er ingen veg utanom forbod eller avgifter, meiner Kjell Ivar Bache. Han er dagleg leiar i Biobag-konsernet, som produserer miljøvennlege posar.

– Konsumentane er vanedyr og vande til å ta med seg posar.

Venstre-nestleiar Ola Elvestuen seier det er bra at EU kjem med tiltak for å redusere avfallsmengda.

– Vi må gjere som resten av Europa, seier han.

Fristen for å innføre direktivet er ved utgangen av neste år. I Miljødirektoratet ventar dei på at departementet skal gi dei i oppdrag å finne ut korleis Noreg kan nå kravet i direktivet. (©NPK)