Fylkesmannen i Hordaland meiner Kvinnherad kommune ikkje kan nekta Marie Jung Sun Dale (22) hjelp i den nye bustaden hennar i Dimmelsvik.

Hilde Vormedal Nybø, Bladet Sunnhordland
Hilde Vormedal Nybø, Bladet Sunnhordland

Saka var først i Bladet Sunnhordland

– Dette stadfestar det me har meint heile tida. Ein har sjølv rett til å velja kor ein skal bu, seier Kai Esten Dale.

Ville flytta
Sunnhordland skreiv tidlegare i år om familien Dale i Kvinnherad som kjøpte leilegheit til den psykisk utviklingshemma dottera Marie Jung Sun Dale. 22-åringen bur i dag i eit bufellesskap. 

Kvinnherad kommune vedtok først 20. januar å gje Marie hjelp i den nye bustaden og starta arbeidet med å tilsetja folk som skulle jobba i den nye leilegheita. Trass i at ein fekk rundt 30 søkjarar til stillingane, stoppa kommunen prosessen, og gjorde nytt vedtak der ein konkluderte med at ein ikkje kunne gje 22-åringen forsvarlege tenester i den nye heimen.

Samtidig sende kommunen uromelding til Fylkesmannen om mor til Marie, Randi Dale, var eigna til å vera verje for dottera. Fylkesmannen har ført tilsyn med mora som verje, og konkludert med at ein ikkje har merknadar til korleis ho har utført verjeoppdraget.

LES OGSÅ: Ei mors kamp

Visste på førehand
I saka der Fylkesmannen opphevar vedtaket om å ikkje gje Marie hjelp i heimen, kjem det også fram at kommunen har fått eit likelydande svar frå same instans før ein gjorde det no oppheva vedtaket, som er datert 5. mars.

20. februar svarte nemleg Fylkesmannen Kvinnherad på ein generell førespurnad at «personar med utviklingshemming kan som andre busetja seg der dei ønskjer når dei ønsker det. Ved flytting må kommunen vurdera vedkommande sine behov for bistand der ho eller han skal bu.»

Må vera umogeleg
Fylkesmannen meiner Kvinnherad kommune, etter forvaltningslova, ikkje har mogelegheit til å gjera om det første vedtaket om å gje Marie hjelp i den nye bustaden. Fylkesmannen peiker på at det ikkje høyrer inn under kommunen sin styringsrett å bestemma kor brukarane skal bu. Ein viser til at Helsedirektoratet skriv at det må vera umogeleg eller svært vanskeleg å yta tenestene i brukaren sin heim.

– Fylkesmannen legg til grunn at kommunen til dømes kan stilla slike krav dersom brukaren bur på ein stad der det ikkje er veg eller det av andre kommunikasjonsmessige årsaker er umogeleg eller svært vanskeleg å komme til heimen for å yta omsorgstenester, står det i svaret.

Kvinnherad kommune har også argumentert med stram økonomi, og at vedtaket om å gje 22-åringen hjelp i heimen vil kunne medføra at andre brukarar får reduserte tenester. Dette avviser Fylkesmannen, og peiker på at ein ikkje har høve til å avslå naudsynte omsorgstenester på grunn av kommuneøkonomien.

LES OGSÅ: Skulehelsetenesta skal løftast

– Heksejakt
– Me føler at det har vore ei heksejakt på oss, seier Kai Esten Dale, som håper at svaret frå Fylkesmannen vil gjera at andre pårørande ikkje må gå same runden.

– Eg synest at det har vore ein forunderleg saksbehandling. Her har jo kommunen visst på førehand at dei hadde ein dårleg sak, Så prøver dei i tillegg å bli kvitt mor som verje, seier Dale.

– Kva synest du om behandlinga de har fått?

– Eg meiner at dei som jobbar med dette i kommunen ikkje har skjønna kva jobben deira går ut på. Dei skal jo driva service for innbyggjarane. Ikkje gjera det vanskeleg for folk, seier Dale.

LES OGSÅ: Vil ikkje gi Nav-pengar til friske unge

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01
ANNONSE