Dei meiner det bør bli ei nasjonal ordning, skriv Aftenposten. Dei fire fylka gjekk denne veka saman og ville at kunnskapsministeren skulle gjera om på det siste skuleåret på vidaregåande – slik at skriftleg eksamen vart unnagjort før russefeiringa byrja.
– Russetida er komen for å bli, og me veit at russetida er ein gigantisk støysendar inn i eksamensarbeidet. Me har vore opptekne av å forsøka å finna ein betre måte å kombinera russefeiring og eksamensavvikling på, seier Anniken Hauglie (H), skulebyråd i Oslo, til Aftenposten.
LES OGSÅ: – Framtidas russ er sykkelruss
Vanskeleg å innføra
Forslaget har allereie fått støtte – både frå russen som Aftenposten har snakka med, og påtroppande leiar av Elevorganisasjonen, Kristoffer Hansen.
Det er noen som er uenig i at rekkefølgen bør være: skole -> sluttvurdering -> russetid?
— Kristoffer Hansen (@KrisHansen_) 12. mai 2015
Kunnskapsdepartementet sjølv meiner forslaget vil bli vanskeleg å innføra.
– Ein må ha alle arbeidstakarar med seg for å gjennomføra såpass omfattande endringar i skuleåret. Eg forstår kvifor ein ønskjer dette, men vil også understreka at russefeiring er ei privatsak, seier statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Birgitte Jordahl (H).
Ho legg til at dei vil vurdera å lata fylka testa ei slik ordning, om dei klarar å forhandla ein timeavtale med lærarane, garanterer at alle elevar får minstetalet med timar, og at dei sjølv tek rekninga med å utvikla eit eige eksamenssett.
LES OGSÅ: – Dagens russ er for snille