NAV- rettleiaren var der då Jan Hendrik Oete risikerte å miste leilegheita. No skal prøveordninga med NAV i skulen utvidast til alle fylker.

– Det er veldig greitt å få hjelp når ein treng det, elles hadde eg ikkje kunne bu åleine. Då hadde det nok blitt til at eg hadde møtt opp sjeldnare, seier Jan Hendrik Oete som fekk hjelp med å søknaden til Lånekassen og betaling av husleige av NAV-rettleiaren. 

LES OGSÅ: NAV-direktør vil ha obligatorisk vidaregåande

Arbeidspraksis og søknadskluss
Reisa frå heimkommunen Birkeland til Tangen vidaregåande skule i Kristiansand tek nemleg ein time med bussen kvart over seks på morgonen, og ofte korresponderer ikkje bussen etter skulen.

Lånekassen godkjente ikkje bortebuarstipend, fordi han budde ein kilometer for nær skulen, så tipsa NAV-rettleiar Monica Brandsrud om at han kunne søkja på reisetid.

NAV stilte i tillegg som tryggleik på depositumet og betalte leiga som gjekk ut.

No har han berre 10-15 minutts skuleveg og har blitt betre til å møta opp.

Han var ein av dei som kjente til NAV frå før og vart positivt overraska då han fann ut at skulen hadde eigen NAV-rettleiar.

Han byrja på restaurant- og matfag i Lillesand og fann ut at han hadde valt feil. Då skaffa NAV i heimkommunen Birkeland eleven ein praksisplass på Esso. Der har han helgejobb framleis.

– Det var veldig greitt å ha noko å gjere og få pengar for det, smilar 18-åringen.

Etter eit halvt år med jobb byrja han på Design og handverk og seinare Interiør og utstillingsdesign.

18-åringen tykkjer NAV-rettleiarar i vidaregåande er ein god idé og rår ungdommar med liknande problem til å freiste å løyse dei sjølv, og kontakte NAV dersom det ikkje går. 

LES OGSÅ: Vil ikkje gi NAV-pengar til friske unge

Utvidar til heile landet
NAV-rettleiaren Monica Brandsrud sit med open dør saman med rådgjevartenesta på Tangen vidaregåande skule i Kristiansand fire dagar i veka. Det har ho gjort sidan skulestart hausten 2014.

– Me jobbar heile tida med å kome inn med førebyggjande arbeid på eit tidlegast mogleg tidspunkt, slik at me unngår at elevane gir opp og endar med å gå på NAV, seier Brandsrud, og legg til:

– Når me ser at det går mot at eleven droppar ut kan me laga klar ein arbeidsplan allereie før eleven har skrive seg ut. For mange er det ei enorm lette når ein seier at dei kan få praksis resten av året, slik at dei slepp å gå eit heilt år på noko dei ikkje vil. Det kan vere nok til å få ny giv.

Pilotprosjektet med NAV i vidaregåande skule er eit samarbeid mellom Utdanningsdirektoratet og Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Tiltaket er ein del av «Program for betre gjennomføring», regjeringa si satsing på å få fleire til å fullføre vidaregåande utdanning.

Sidan 2012 har 13 pilotprosjekt vore prøvd ut i sju fylker. No skal ordninga utvidast til alle fylka.

I desse dagar skal Utdanningsdirektoratet saman med Arbeids- og velferdsdirektoratet vurdere innstillingar frå 11 nye fylker til kva skular som skal få midlar til to NAV- rettleiarar i kvart fylke.

Kriteria er at skulen skal stort fråfall og over 500 elevar som helst går på yrkesfag.

Rektorane og NAV-leiarane ved dei utvalte skulane og NAV-kontora har fått frist til 29. mai om å søkje om midlar til NAV-rettleiar ved ein vidaregåande skule som oppfyller krava Arbeids- og velferdsdirektoratet har sett.

LES OGSÅ:Kraftig auke i unge uføre

Små problem – store konsekvensar
NAV i skulen er slett ingen rekrutteringskanal. Målet er å få eleven gjennom skulegongen, forsikrar Brandsrud med eit smil.

Tilbodet skal ha låg terskel. Mange elevar har uatnomfaglege utfordringar som kan gå ut over skulegangen.

Ho kan hjelpe elevane med økonomiske bekymringar som å vidareformidle annonsar til deltidsjobbar, søknadar til lånekassen eller lage avtalar om å ringe til elevar som slit med å kome seg opp om morgonen.

Somme tider er det ikkje så mykje som skal til, andre gonger er det komplekse saker.

– Om ein prioriterer dette nå, og unngår at dei går på NAV seinare, så er det ei billig investering. Mange har ikkje det nettverket og heimen dei burde hatt når belastninga vert for stor. Fleire uroar seg for økonomi eller andre ting som tek fokus frå skulen. Ein kan lære mykje med å berre vere tilstade, men då må ein vere der, seier Brandsrud.

Nokre elevar har behov for kombinerte tiltak, som å følgje enkeltfag etter ferdig skulegong eller å ha redusert skule med arbeidspraksis. Då kan NAV vere ein god støttespelar for skulen.

LES OGSÅ: Iben (18) takkar NAV

Dei som forsvinn dukkar opp

NAV- rettleiar Brandsrud samarbeider tett med oppfølgingstenesta på skulen og sit i møter med mellom anna kontaktlærarar, rådgjevar, helsesyster og pedagogisk-psykologisk-teneste.

Tangen har kring 1000 elevar og eit samansett fråfallsproblem. Brandsrud har kring 60 elevmapper, 10-15 av dei er gjengangarar, medan nokre berre treng ein enkeltsamtale. Brorparten kjem inn via oppfølgingstenesta.

– Når me fangar opp ein elev kan me vere tett på, slik at han ikkje berre forsvinn. For dei dukkar opp att og då har det forverra seg, seier Brandsrud, som har jobba spesielt med unge brukarar i NAV-systemet.

Mange unge arbeidslause har droppa ut frå vidaregåande.

Fråfall frå vidaregåande aukar risikoen for å bli varig ufør og trygda med heile 21 prosent, ifølgje forskarar frå NTNU.

I alderen 21-25 år kan dei vere i ein kritisk fase der dei har brukt opp sine fem år med rett til vidaregåande utdanning etter starten, før dei kjem inn under vaksenretten som 25-åringar. Her skulle Brandsrud gjerne sett endringar.

LES OGSÅ:– Ungdomsretten må utvidast

Tala talar
Dei unge som droppar ut av vidaregåande og ender på NAV er ikkje noko einsretta gruppe.  Det kan vere psykisk sjuke, unge som bur åleine utan nettverk, folk som har kome til Noreg åleine og gått på norskopplæring før vidaregåande eller dei som ganske enkelt har valt feil studieretning – som er dei enklaste å hjelpe.

– Me prøver å forklara dei kor viktig det er med utdanning. Nokre gonger kan bilete av det å vere på NAV oppfattast som meir gunstig enn det er, men det er før eg presenterer tala for dei, seier Brandsrud, som håpar å kome ut i alle samfunnsfagklassane i VG2 for å formidle nettopp denne bodskapen.

Avdelingsleiar for OT-tenesta på Tangen Sigrun Vatland Saksehaug ser fordelen med NAV i samfunnsfagundervisninga og trur mange ungdommar har eit anna bilete av NAV etter å ha møtt rettleiar en på skulen.

–  Eg trur det er veldig personavhengig om dette fungerer eller ikkje. Monica er flink å skapa kontakt og initiativ i tillegg til at ho er ein drive NAV- rettleiar, som veit kva verkty ho har tilgjengeleg og har eit godt kontaktnett, skryt Saksehaug, som ikkje kan sei noko om effekten av tiltaket enno.  

Men ho ser dei positive ringverknadane av at elevane vert kjent med kva NAV og korleis arbeidstiltak fungerer. Når det gjeld å skaffa praksisplassar har samarbeidet vist seg særleg nyttig.

– Me har mange komplekse og krevjande elevsaker og NAV-samarbeidet er heilt klart viktig i førebygging av fråfall. Me merkar at elevane er nøgd og får hjelp, så det har heilt klart ein positiv effekt på miljøet, seier Saksehaug.

LES OGSÅ:– Nav-brukarar er nakne i møte med staten

Behov for tettare samarbeid
Seniorrådgjevar i Arbeids- og velferdsdirektoratet Åse Tea Bachke har nettopp vore ute i 11 fylker  og fortalt om prosjektet «NAV-rettleiarar i vidaregåande skular».

Prosjektleiaren kan fortelje om stor entusiasme for prosjektet og at fleire fylker argumenterer for at fleire NAV-kontor og skular skal verte inkludert i ordninga. Om prosjektet vert utvida ytterlegare kan ho ikkje seie noko om før evalueringa er ferdig i 2016.

Ho meiner det absolutt er behov for enno betre og tettare samarbeid mellom dei to instansane.

– Me veit frå forsking og rapportar at det er ein tradisjon for at ungdom som sluttar på vidaregåande etter ein periode dukkar opp på NAV, men då er gjerne døra for utdanning stengt. Mange vidaregåande skular har etter kvart eit godt samarbeid med NAV, det som er nytt i dette prosjektet er at me i mykje større grad driv med førebygging, seier prosjektleiar Bachke på telefon til Framtida.no.

Bachke forklarar at NAV-rettleiarane i pilotprosjekta har drive mest med motivasjonsarbeid gjennom opplysning, råd og rettleiing.

– Evalueringa av «Ny GIV» synte at det er hensiktsmessig, men ikkje alltid tilstrekkeleg med vidaregåande skule og arbeidspraksis. Nokre treng tett individuell oppfølging fordi dei har utanomfaglege utfordringar i livet, forklarar ho.

Innsatsen er i likheit med andre NAV-tiltak behovsprøvd. Arbeidsinnsats er siste utveg, fordi målet er å få dei gjennom skulen.

LES OGSÅ:NAV-brukarar kan bli fråtekne støtte

Lærer av kvarandre
Er det ein elev som vurderer å slutte kan NAV-rettleiaren vere med i sluttsamtalen og fortelje om kva som ventar dei. Frå Jessheim vidaregåande skule, som var første ute med pilotprosjektet i 2012, har dei døme på at slike samtalar har fått elevar til å halde fram med skulegongen.

Prosjektleiaren er ikkje i tvil om at elevar treng meir kunnskap om kva NAV faktisk er og korleis det fungerer. Men dei er ikkje dei einaste som har noko å læra.

– Me vil at NAV-rettleiarane skal veta meir om vidaregåande skule og at skulen skal veta meir om NAV. Når NAV-rettleiarane er ute i den vidaregåande skulen fire dagar og inne på kontoret ein dag, spreier kunnskapen seg. NAV på Jessheim fortel at dei kan mykje meir om vidaregåande no, så når det kjem ein person inn spør dei om å få sjå kompetansebeviset frå vidaregåande. Dersom personen manglar to fag veit dei mykje meir om kva moglegheiter som finst, forklarar ho. 

Når NAV-rettleiaren er i skulen vart samarbeidet smidigare. Det handlar om å vere i forkant med tiltaka.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

Kommentarar

ANNONSE