Frå Voi Voi til Fairytale

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innlegget er henta frå Aasen-tunet.

Blodfan eller skapfan, dei fleste av oss har ein fin bukett Grand Prix-minner. Melodi Grand Prix, eller Eurovision Song Contest, har kvart år rundt 100 millionar sjåarar på verdsbasis og er eit av dei lengstlevande fjernsynsprogramma i verda. Det engasjerer, og irriterer. Vi ler med og vi ler av. Vi likar.

LES OGSÅ: Bli med bak scenene på Melodi Grand Prix

Eg har alltid vore glad i Grand Prix og hugsar godt korleis vi brukte den store dagen til å lage eigne stemmeskjema, som vi fylte ut med poeng undervegs. Før videoen kom til bygda, heldt vi kassettspelaren framfor tv-en og tok opp songane.

Eg skal innrømme at det har dabba av. Det er ikkje like stas når dei fleste syng på engelsk. Eller heilhjarta forsøk på engelsk. Konkurransen har mist mykje av særpreget sitt og bidraga frå dei einskilde landa blir vanskelegare å halde styr på. I songkonkurransen er det no lettare å hugse artisten enn songen.

Fjorårets vinnar er eit godt døme. Kvinna med skjegg har skrive seg inn i historiebøkene. Songen? Tja, var det ikkje noko balladeaktig? Vinnaren hadde ein klar bodskap i takketalen: ”Lat oss få vere annleis”. Ein bodskap som lett kan knytast til grunnfjellet i konkurransen.

LES OGSÅ: – Språkleg mangfald er avgjerande for demokratiet

Då den europeiske kringkastingsunionen blei oppretta i 1950, var ønsket å sameine medlemslanda i eit stort internasjonalt nettverk. Løysinga blei Eurovision-nettverket, med Eurovision Song Contest som den desidert største programsuksessen. Sju land i 1956 har blitt til 40 land i 2015. 27 av desse er med i finalen i Wien 23. mai.

Regelen som krev at landa skal syngje på deira eige nasjonale språk har blitt endra fleire gongar. Frå 1956 til 1965 var det ingen regel som omfatta kva språk songane skulle vere på. I 1966 kom ein regel som kravde at songane måtte framførast på eitt av dei offisielle språka til deltakarlandet. Språkrestriksjonen blei oppheva i 1973, men innført igjen i 1977. Frå 1999 har det vore fritt språkval. I praksis vel deltakarlanda oftast å syngje på engelsk. Eit godt unntak var i 2013, då så mange som halvparten av artistane song på sitt eige morsmål. I år er det elleve land som har bidrag på morsmål.

Alt var kanskje ikkje betre før, men Grand Prix var definitivt meir underhaldande med eit språkleg mangfald. Eg benkar meg difor framfor fjernsynet i år med eitt finsk og eitt norsk flagg. Så får vi sjå om årets vinnar blir hugsa for finsk punk eller kanelsnurr i panna. Eller noko anna.

La det swinge!

LES OGSÅ: Test deg sjølv – kva veit du om EU?