Når synet bedrar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Blinde sysken

Saka var først publisert i Universitas.

23 år gamle Thomas Tvedt har framleis salt frå Daudehavet på kroppen, nå han kjem til Norges musikkhøyskole. Sola skin gjennom vindauga på øvingsrommet. Det er varmare her enn i Jordan, påpeikar han.

– Å vere blind student er like unikt som det å vere ein student som ser. Det er berre ein del praktiske ting som må løysast litt annleis.

Etter eitt år på musikklinja på Toneheim folkehøgskole kom han inn på Noregs Musikkhøyskole (NMH) og begynte på sangpedagogikk.

– Eit eksempel er når me skal ha ensembleleiing. Det at læraren skal syne meg korleis eg skal leia eit kor ved å dirigere er litt daudfødt. Då må me rett og slett improvisera litt.

Han understrekar på si side at det er viljestyrken som kan verka avgrensande.

– Om eg skriv ei dårleg oppgåve, eller synger dårleg på ein konsert, så er det ikkje fordi eg er blind, men fordi eg ikkje gidd. Då er det andre ting som spelar inn, seier han.

Som kompensasjon for synet bruker Thomas seg av snakkande elektroniske dupedittar når han studerer.

– Det er mange som ikkje veit at det går an å bruka pc, smarttelefon og nettbrett sjølv om ein ikkje ser. Med åra har fleire produsentar byrja å leggje inn integrerte skjermlesingsprogram. Heldigvis lever me i ei såpass moderne verd no at mange av dei tekniske tinga funkar ganske bra.

LES OGSÅ: Førarjenta

Det kan vere ulemper knytt til transport til og frå skulen. Det hender han går på feil trikk eller t-bane. Det kan òg gå gale når nokon har satt opp sperreband fordi dei graver opne hol til kloakken.

– Det er ikkje alltid ein catchar det like fort, men det er jo ein del av gamet. Om du ikkje ser, så ser du ikkje, det må du nesten halde deg til. Sorry, det er ikkje så mykje anna å gjere, seier han og presiserer at han heldigvis ikkje har falt ned i eit slikt hol.

Lyden av stokk og høge hælar klikkar raskt nedover trappa idet 21 år gamle Lotte Tvedt møter oss med eit smil som lyser opp eit elles nedslite Domus Nova. Ho er rak i ryggen når ho helser oss velkomen.

– Det er jo ikkje sånn at eg går ut av døra og tenkjer: «Oi, no ser eg ikkje, no må eg bruka andre sansar for å kome meg rundt».

Lotte studerer jus ved Universitetet i Oslo (UiO). Ho beveger seg bestemt gjennom dørene på fakultetet.

– Eg kan merke forskjell på ljos og mørke, men ikkje forskjell på svart og kvitt. Det anar eg ikkje korleis eg kan skildra. Eg har aldri sett fargar, så eg veit ikkje kva det er.

For å orientera seg bruker ho ein teknikk som ver kalla ekkolokalisering. Det betyr at ein orienterer seg via ekko, på same måte som flaggermus, kvalar og delfinar. I praksis er dette ein teknikk alle bruker, fortel Lotte.

– Men dei som ser har ofte ikkje same behov for å leggje merke til kva dei høyrer. Åttifem prosent av alle inntrykka i hjernen kjem frå synet. Når dei forsvinn blir dei andre femten prosentane veldig viktig for oss, seier ho.

Slik opplevast det for ein blind student å kome seg til førelesning.

Lotte og Thomas Tvedt from Universitas_no on Vimeo.

 

Video: Hans Dalane-Hval

LES OGSÅ:32 millionar kan få synet attende

Syskena Tvedt er opphavleg frå Stavanger, og dei er begge fødd blinde. Valet om å flytte til Oslo har gjort det betydeleg lettare for dei å koma seg rundt. Alle transportmidlane er pålagd å annonsera haldeplassane, og ruter-appen gjer det enklare å halde kontroll. Informasjonen vert lest høgt gjennom talefunksjonen på iphonen.

– Eg veit det er veldig mange som irriterer seg over opplesinga på trikk og sånn, men eg er veldig glad i den, seier Lotte.

Ho bestemte seg for å studera jus som sjuåring etter å ha lese ein kriminalroman med ein advokat i hovudrolla.

– Det er nok den blåaugde idealismen om å sikre rettferd og alt det der som gjorde at eg søkte. Men å studera god jus er veldig tilfredstillande. Faget er så vidt, og spennar så stort at ein verkeleg får jobba med regulering på alle samfunnsområde.

LES OGSÅ: Den ubrukte arbeidsstyrken

Jusstudiet er i stor grad prega av tekst og non-verbale uttrykk noko ho verken har problem med å lesa eller å forstå. I den grad noko er utfordrande for ho er det dei små tinga som gjer det «styrete».

– Om ein har ein professor som ikkje er interessert i å senda foredraga eller powerpointane sine elektronisk, til dømes, då sit eg jo der, og må klara meg utan, seier ho.

Støvet danser i solstrålane som kjem inn gjennom vindaugo. Ho peikar i rommet og kartlegg ekkolokasjonen.

– No høyrer eg på gjenklangen at det er eit vindauga framfor meg, eit vindauga til høgre for meg og eit ope rom til venstre for meg.

Òg Thomas fortelat ekkolokasjon kan brukast til å høyre ting på avstand.

– Eit hus til dømes. Stokken eg bruker er ein litt lengre variant enn det dei såkalla ekspertane anbefaler. Det betyr at eg har omtrent, ja la oss seie 70-75 centimeter radius.

Det er derimot ikkje like lett å orientera seg i lydrommet når snøen har lagt seg.

– Det er jo ein eller anna sang kor en syng om akkurat det. «Ja vi tenner våre lykter når det mørkner. Og når alle lyder pakkes inn i vatt».

LES OGSÅ: Elevar med ekstra behov fell utanfor

Lotte opplever ofte å bli stilt mange rare spørsmål frå folk som er nyfikne.

– Korleis eg ser for meg fargar til dømes, korleis eg drøymer. Eller korleis eg ser for meg folk, om eg plar å ta dei i andletet, seier Lotte og ler.

Eg fekk lyst til å spørje om det faktisk. Men eg skal ikkje gjere det.

– Om eg tek folk i andletet? Nei, veldig sjeldan. Men det er fordi eg ikkje bryr meg om korleis andletet til folk ser eller kjennast ut, det er ikkje ei referanseramme for meg. Det er kanskje annleis for folk som har sett, seier ho.

Ho meiner ikkje nødvendigvis at me som ser burde vere meir takksame.

– Eg tenkjer jo ikkje kvar gang eg eter middag at «gud så glad eg er for at eg kan smaka», men eg burde jo kanskje gjere det for å bli medviten på kor heldig eg eigentlig er, seier Lotte.

Ho trur folk har eit lite medvite forhold til dei andre sansane forutan synet, og at få eigentlig er medviten på kor mykje stemma kan seie om eit menneske.

– For meg er det kjempeviktig om ein person har eit godt språk eller ikkje. Det er jo den måten personen utrykkar seg på og er på. Sånn sett blir det min fordom akkurat som mange meiner at det er viktig at ein ser bra ut.

På pulten hennar ligg det sukkererter, blåbær, gulrøter og nøtter klart til å styrkja blodsukkeret på lange lesedagar.

Ho viser oss korleis ho studerer. Fingrane glir raskt over eit litt annerleis tastatur som vert kalla ei leselist. Ved hjelp av prikkane som vert konvertert frå skrifta på skjermen kan ho fortelje oss nøyaktig kva som står på skjermen. Og ho les kjapt.

– Me har ei ordning i Noreg kor alle studentar som ikkje kan lesa vanleg trykktekst har rett til å få materialet produsert elektronisk. Eg får all innførings- og hovudlitteratur, men ikkje all faglitteratur.

Lotte møter ein del fordommar som blind. Av rein vane går ho veldig fort og av og til kan det henda at framande kjem løpande og spør om ho treng hjelp til å finna vegen.

– Det er godt meint og veldig hyggeleg, men mange tenkjer ikkje over om eg faktisk treng hjelp, dei berre går ut i frå at eg gjer det.

Thomas er ikkje begeistra over merkelappane ein får av andre.

– Eg blir veldig fort «han blinde». Han blinde som studerer på musikkhøgskulen. Det er jo ikkje det at det ikkje er sant, men det er jo så mykje meir. Det blir for enkelt å seie at det er «han som sit i rullestol». Det er ikkje så interessant at han rullar i staden for å gå. Det som er interessant er jo personen, seier han.

Han fortel at systera har vore ein styrke gjennom oppveksten og i kvardagen. Dei deler mange av de same verdiane, og pratar godt saman. Dessutan har dei alltid stått på for å få til ting.

– Det finst fleire døme på blinde og andre folk som ikkje orkar å ta tak i livet sitt. Det kan vere alt frå folk som slit med depresjon, til folk som har blitt lamme. Det kan ein jo forstå.

For hans del har det aldri vore eit spørsmål om å kasta inn handkleet berre fordi han ikkje kan sjå.

– Det hadde jo vore utruleg kjipt for meg. Då hadde eg berre blitt sittande heime og i tillegg så ville eg ha gitt desse skeptikarane som seier at ein ikkje klarar noko som blind, rett. Og det skal dei faen ikkje få.