Takka vere den digitale filmdistribusjonen, kan dermed kinoane sjølve avgjere kva målform dei vil tekste framsyninga på.
LES OGSÅ: Jakob Oftebro meiner «Skammerens Dotter» er i same liga som Ringenes Herre
Det er Nordisk Film Distribusjon som no har sørgt for å omsetje filmen til både bokmål og nynorsk, ettersom den danske boka filmen byggjer på – «Skammerens datter» av Lene Kaaberbøl – er gitt ut på nynorsk i Noreg.
– Så vidt eg veit, er dette heilt nytt i Noreg. Det er ein flott sjanse for alle kinoar til å vise filmen med nynorsk teksting, seier leiaren i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø. (©NPK)
LES OGSÅ: – Nynorsk er ikkje så vanskeleg