Like uavklart om språksamlingane

Kunnskapsdepartementet held døra open for begge dei to aktuelle løysingane når Universitetet i Oslo (UiO) gir frå seg ansvaret for dei nasjonale språksamlingane.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det står mellom Nasjonalbiblioteket og Universitetet i Bergen saman med Høgskulen i Volda. Departementet kjem uansett ikkje til å avgjere noko om det utan å involvere dei aktuelle fagmiljøa, lover statssekretær Bjørn Haugstad (H) i Kunnskapsdepartementet.

– Vi kjem ikkje til å ta noka avgjerd om dette i Kultur- eller Kunnskapsdepartementet utan å involvere dei som er seriøse interessentar til å forvalte språksamlingane vidare, seier Haugstad.

Les Ottar Grepstad sitt oppgjer med Blindern-skandalen

Møtte UiB
Måndag møtte han representantar frå Universitetet i Bergen, som gjerne vil overta språksamlingane så sant det følgjer pengar med til drifta. Samarbeidspartnaren Høgskulen i Volda var også med på møtet.

– Eg oppfattar at det er to aktuelle kandidatar per no, og det er Nasjonalbiblioteket og dei to som var på besøk i dag, seier Haugstad.

Det er UiO sjølv som har foreslått å flytte samlingane til Nasjonalbiblioteket. Ordbokgruppa med Nynorsk kultursentrum i spissen har derimot meint at det beste er å overlate samlingane til Universitetet i Bergen, eventuelt i eit samarbeid med Høgskulen i Volda, som da får ansvaret for Norsk Ordbok. Orbokgruppa er ei samanslutning av dei språkfaglege miljøa ved universiteta i Bergen, Stavanger, Kristiansand, Trondheim og Tromsø, Høgskulen i Volda og Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum.

Må ta tid
Haugstad vedgår at saka hadde vore tent med ei avklaring, men vil ikkje gå for raskt fram heller.

– Vi tar sikte på å finne ei løysing på dette i fornuftig tid, men eg trur det er viktigare at vi finn den rette løysinga enn at vi forhastar oss, seier statssekretæren. (©NPK)

LES OGSÅ: Noregs Mållag krev trygg hamn for språksamlingane