Blindern-skandalen

Debatt
Publisert
Oppdatert 06.11.2017 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kronikken var først på trykk i Klassekampen måndag 20. april.

I 170 år har språksamlingar og ordbokarbeid vore ein norsk vitskapleg spesialitet. Med akademisk noregsrekord i dårleg saksutgreiing avviklar Universitetet i Oslo det største forskingsprosjektet i norsk humaniora utan eitt ord om forsking.

Vi har sett det kome, men trudde at eit universitet var forplikta til å stø opp om den vitskaplege fellesskapen i kunnskapssamfunnet Noreg. Der tok vi feil. Det universitetet som no satsar alt på å bli blant dei fremste i verda, har effektivt greidd å oppløyse eit forskingsmiljø som alt var eit av dei fremste. Inga regjering ville ha godteke noko slikt innanfor helse, medisin eller samferdsel.

LES OGSÅ: Tilsette i Norsk Ordbok går til sak mot UiO

I 1842 la Ivar Aasen ut på den første av sine mange reiser gjennom det norske språket. Språksamlinga hans var ikkje den første i landet, men med han fekk slikt arbeid ei tydeleg retning og eit vitskapleg fundament som framleis gjer inntrykk verda rundt. Seinare har hundrevis gjort sitt. Difor har Noreg fantastiske samlingar like frå 1600-talet. Kvart einaste gode ordrettingsprogram for bokmål og nynorsk står i gjeld til desse samlingane.

Universitetet i Oslo vedtok i 2014 å avvikle sitt engasjement på området. Kva følgjer det kunne få, visste ingen, for inga konsekvensutgreiing låg på bordet. Nynorsk kultursentrum tok affære. Saman med fem universitet, ein høgskule og eitt forlag har vi drøfta saka kontinuerleg det siste halvåret. Alle sentrale fagmiljø er med i denne ordbokgruppa. Med støtte frå dette samla vitskapsmiljøet har Nynorsk kultursentrum føreslått å opprette eit nasjonalt fellesføretak for språksamlingar og ordbokarbeid under leiing av Universitetet i Bergen.

Forslaget representerer ein enkel og trygg strategi for vidare utvikling av forskingsfelta leksikografi og namnegransking. Denne forskingsstrategien meiner Blindern ingen ting om. I denne store saka har rektor vore sporlaust forsvunnen. På alle desse månadene har dei ikkje greidd å lage eit påliteleg oversyn over status, tilstand og omfang av dei samlingane dei vil kvitte seg med. Ikkje har dei rekna på kostnadene heller.

LES OGSÅ: Noregs Mållag krev trygg hamn for språksamlingane

Den einaste som har rekna og utgreidd denne saka, er Nynorsk kultursentrum, og det har vi gjort for eiga rekning. Utgreiing og reknestykke la vi fram 27.11.2014, to dagar etter at Universitetet i Oslo hadde drøfta saka med oss. Seinare har ikkje universitetet teke kontakt om nokon ting. Dei har ikkje stilt eitt spørsmål, ikkje bedt om så mykje som eit forklarande komma og ikkje invitert ordbokgruppa til å gå gjennom samlingane. Det har berre Nasjonalbiblioteket fått høve til.

Nynorsk kultursentrum har gjort greie for to ulike løysingar. Vi har peikt på ei fagleg minimumsløysing og ei økonomisk minimumsløysing. I kroner er avstanden mellom dei løysingane stor, men Universitetet i Oslo har berre kommentert den dyraste løysinga – som får deira forslag til å sjå ut som den gratis lunsjen som ikkje finst. I staden for å spørje systematisk og kritisk, slik akademikarar plar gjere, har universitetet tolka utgreiinga vår fritt og konkludert utan å ane om premissane for konklusjonane held.

LES OGSÅ: Skisse til løysing for språksamlingane og Norsk Ordbok

Universitetet vil overføre språksamlingane til Nasjonalbiblioteket og parkerer alt vitskapleg ordbokarbeid ved å seie at det får forlaga ta seg av. Unntaket er Nynorskordboka og Bokmålsordboka, der Språkrådet lenge har betalt moroa. Dei ordbøkene kan berre utviklast vidare viss der er levande språksamlingar å dra vekslar på. Om Nasjonalbiblioteket er det mykje godt å seie, og dei skal byggje opp mange samlingar, men ikkje dynamiske samlingar av det slaget det her er tale om. Noreg held seg med universitet og høgskular til slikt.

Å gjere vitskaplege ordbøker til er ei sak for forlaga er rein opportunisme. Det er ikkje for moro skuld Stortinget sidan 2002 har løyvt 179 millionar 2015-kroner berre til det store verket Norsk Ordbok for nynorsk og alle norske dialektar. Sjølv ikkje Oxford University Press har tent pengar på den store ordboka si for verdsspråket engelsk.

I over 40 år har Stortinget også løyvt store summar til arbeidet med språkamlingane. No bør universitetet gjere nøye greie for korleis midlane er blitt brukte, og om alt er brukt til det Stortinget frå 1972 har føresett at dei skulle brukast til.

LES OGSÅ: Ingen vil ha Norsk Ordbok

Kulturminister Thorhild Widvey har heldigvis sett alvoret. Både statsråden og statssekretæren har ved fleire høve presisert at pengane følgjer prosjektet. Då burde saka vere enkel: Vel den løysinga som er best for vitskapen og brukarane. Diverre har Universitetet i Oslo til no har gjort alt dei kan for at pengane ikkje skal følgje prosjektet, for det taper universitetet på. Universitetet vil ha den løysinga som kostar dei minst, ikkje den som er vitskapleg best og gir vitskapen mest.

Den siste sjansen er enno ikkje brukt. Rektor Ole Petter Ottersen bør innan to veker invitere rektorane og leiarane frå dei sju institusjonane som gjennom ordbokgruppa har sagt at dei vil ta ansvar for vidare forsking og samlingsforvaltning. Saman kan vi raskt presentere ei løysing for regjeringa som held både forskingspolitisk, kulturpolitisk og økonomisk. Alternativet er skandale.