SV vil gje pengar til syklistar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil gi milliardar til syklistar

Forslaget, som Heikki Eidsvoll Holmås og partiet vil greie ut, er ei økonomisk gulrot som han håpar vil få fleire til å gå og sykle til jobben.

I ei utgreiing frå Finansdepartementet kjem det fram at eit reisefrådrag for gåande og syklande på 40 kroner per kilometer, med ein maksimal sats på 1.850 kroner i året, vil koste om lag 4,3 milliardar kroner, skriv VG.

LES OGSÅ: Syklar dobbelt så mykje med elsykkel

GPS-sporing
– Eg synest ikkje det er så mange pengar. Eg er heilt sikker på at det er ei svært god investering som vil betale seg mange gonger, gjennom lågare helseutgifter og ikkje minst mindre klimautslepp, seier Holmås.

Han meiner miljø- og helseargumenta er sterke.

– Folk får køyregodtgjering for å bruke bilen i jobbsamanheng. Vi meiner det er på tide å tenkje nytt og gi tillegg for at folk ikkje køyrer bil, men i staden går eller syklar til jobben, seier Holmås.

I svaret frå departementet om kva ei slik ordning vil koste, kjem det også fram at ein meiner det vil vere umogleg for Skatteetaten å kontrollere og handheve ordninga. Holmås meiner dette lèt seg gjere ved at ein bruker teknologi som GPS-sporing for å registrere turar mellom jobb og heim. Han luftar også moglegheita for stikkprøvekontroll. (©NPK)