Bråkmakar for barns rettar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Å slutte på skulen var ein stor sjanse å ta, men har utelukkande gitt moglegheiter eg aldri ville fått elles. Eg har fått moglegheit til å gje noko til andre, og tenkjer meir utanfor meg sjølv etter året som har gått, slår Karoline Steen Nylander fast (19) i ei pressemelding frå organisasjonen.

LES OGSÅ: – Eg kan ikkje få til absolutt alt

Kompromisslaus forkjempar
Ho slutta på vidaregåande skule i heimbyen Trondheim etter andreklasse og flytta til Oslo for å sitje i sentralstyret i Redd Barnas ungdomsorganisasjon Press.

Etter tre år i organisasjonen vart ho valt til leiar på landsmøtet førre helg og difor lurer me på kva forskjell ho vil gjera når ho tek til i den nye stillinga 1. juli.

Organisasjonen vil verte prega av stor utskiftning av tillitsvalte det neste året, men Nylander lovar å halde fram arbeidet med å påverka politikarane.

– Eg skal òg jobbe for å stadig lage meir bråk rundt barns rettar. Eg vil bli ein av dei yngste leiarane Press har hatt, noko som fører meg enno nærare problematikken me jobbar med, samt at mine innfallsvinklar til ulike tema er ein ny faktor, svarar Nylander i ein epost til Framtida.

– Kvifor er det bruk for Press?

– Det er bruk for Press fordi både Noreg og verda treng ein kompromisslaus forkjempar for barns rettar. Me jobbar med strukturelle årsakar til barnerettsbrot. Sjølv om naudhjelp er viktig, trengs det ein aktør som jobbar førebyggjande. Det er eg stolt over at Press gjer, svarar den nyvalde leiaren.

LES OGSÅ: 85 barn forsvann frå asylmottak

Asylbarn og Gullbarbie
I sentralstyret har ho det siste året hatt ansvar for demokrati og deltaking og internasjonalt arbeid. Flyktningproblematikk og asylbarn er blant hjartesakene for 19-åringen.

– Asylbarns rettar må innfriast. Det held rett og slett ikkje å drive med lotteri og tenkje vinning. Press har ei rekkje krav til norske politikarar som vil betre denne situasjonen. Skal me vere ein av verdas fremste på barns rettar held ikkje dagens standard mål, slår Nylander fast.

– Ei anna viktig sak som eg stadig har blitt meir merksam på etter mi tid i Press er reklamebransjen si framstilling av uoppnåelege ideal og korleis dette verkar på barn og unge i ein del av eit enormt krysspress, legg ho til.

Kvart år deler Press ut Årets gullbarbie til ein av reklamebransjens verstingar for å sette fokus på nettopp dette.

LES OGSÅ: Elevkalenderen er Årets gullbarbie 2014

Ungdom vert ekskludert frå politikk
– 
Korleis vil du gjera kvardagen betre for barn og unge?

– Barns kvardag vert påverka av kva politikk som blir ført. Gjennom å ta barnerettsbrot personleg og jobbe for reell politisk endring, håpar eg at det vil utgjere ein forskjell.

Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til ungdom som ikkje er engasjerte når fram til dei som styrer?

– Press meiner at me i dag har for mange vaksenstyrte arenaer for påverknad. Ungdom har ikkje demokratiske rettar, men blir i aller høgste grad påverka av politikken dei blir ekskludert frå. Gjennom både endring av strukturar og haldningsendringar, håpar eg at ungdoms meiningar vert respektert fordi dei er ungdom, ikkje trass i at dei er ungdom. Om ein skal byrje i det små, så kan ein som forelder eller vaksenperson stoppe seg sjølv i å seie «du vil forstå når du blir eldre» eller «så fint at du er engasjert!»

LES OGSÅ:Kan 17-åringar styra ein kommune?

Etterlyser ungdomsheltar
Press har kring 1000 engasjerte medlemmar landet over og nyleg arrangerte alle lokallaga eit ope ungdomsmøte der politiske forskjellar vart lagt til sides. Målet var å få fram kva som er bra og dårleg i den enkelte kommunen, samt framlegg til ulike løysingar. Dette arbeidet vil Press ta med vidare i haustens lokalval.

– Det er lokalpolitikarane sitt ansvar å syte for at unge sine stemmer likestillast med andre sine, og eg oppmodar alle til å vere ein ungdomshelt i haustens val, avsluttar Nylander.

Faktaboks

Karoline Steen Nylander

Alder: 19

Studerer/arbeider: Slutta på vidaregåande og flytta til Oslo for å ta styreverv i Press

Verv: Sentralstyremedlem i Press, påtroppande leiar

På fritida: Mykje av tida mi går til jobb, men elles er kunst viktig for meg. Eg er òg veldig glad i å vere i naturen

Press er ungdomsorganisasjonen til Redd Barna

Det er ein partipolitisk og religiøst uavhengig organisasjon for ungdom mellom 13 og 25 år.