Det blir stadig mindre plass i norske klasserom. Klasser på mellom 30 og 35 elevar har blitt kvardagen på mange skular. Det uroar Utdanningsforbundet

(NPK-NTB-Birgitte Iversen):
(NPK-NTB-Birgitte Iversen):
Faktaboks

Fakta om storleik på klassar:

Fram til 2003 hadde opplæringslova eit vedtak om at det skulle vere maks 28 elevar per klasse.

Vedtaket blei oppheva av dåverande kunnskapsminister Kristin Clemet (H), og erstatta med ein paragraf som seier at elevane ikkje må bli delt inn i grupper eller klasser «som er større enn det som er pedagogisk eller trygt forsvarleg».

Ifølgje Grunnskolens informasjonssystem (GSI) har talet på elevar per lærar i snitt halde seg stabilt på rundt 13,5 i perioden 2002 til 2014.

Utdanningsforbundet meiner talet slører til verkelegheita fordi mange små skular rundt om i landet trekkjer snittet ned.

Ei ny kartlegging blant skuleleiarane som er medlemmer i forbundet viser at 41 prosent opplyser at dei har klasser som er permanent organisert med fleire enn 28 elevar.

26 prosent seier det dreier seg om nokre få klasser, 15 prosent at det dreier seg om fleire klasser.

Blant dei skuleleiarane som oppgir å ha store klasser, arbeider 71 prosent i vidaregåande skule, 63 prosent i ungdomsskulen og 20 prosent i barneskulen.

På fleire skular er det oppretta klasser på mellom 30 og 35 elevar.

(Kjelde: Utdanningsforbundet) (©NPK)

LES FAKTALUKK FAKTA

Fram til 2003 var det sett eit tak på maksimalt 28 elevar per skuleklasse. Denne grensa blei fjerna den gongen fordi ho blei sett på som for rigid.

Sidan 2003 har klassene vakse mykje, viser ei ny kartlegging Respons Analyse har gjort for Utdanningsforbundet.

Ifølgje undersøkinga, som er gjort blant rektorar og skuleleiarar i Utdanningsforbundet, seier 41 prosent at dei i dag har klasser og grupper som er permanent organisert med fleire enn 28 elevar.

– Mange stader er det no heilt vanleg med klasser på mellom 30 og 35 elevar. Det er ei utvikling vi aldri kunne ha sett føre oss på 1990-talet, og det uroar oss, seier leiar i Utdanningsforbundet Ragnhild Lied til NTB.

LES OGSÅ: Ikkje fagleg hald for å heva minstekrav til elevar

Fryktar lærarflukt
Tala i undersøkinga står i kontrast til tal frå Informasjonssystemet for grunnskulen (GSI), der det kjem fram at talet på elevar per lærar i snitt berre har auka med nokre få desimalar i same periode.

– Vi meiner desse tala slørar til verkelegheita, fordi dei mange småskulane i grisgrendte strøk trekkjer snittet ned. For første gong har vi no for fått kartlagt det medlemmene våre oftare melder frå om – at klassene veks og veks i pressområda, seier Lied.

Lied seier medlemmene i forbundet melder frå om at dei store klassene gjer det krevjande å gi elevane tilpassa undervisning og å følgje opp den enkelte elev.

Lied meiner aukande storleik på klasser også truar lærarrekrutteringa.

– Vi veit at mange lærarar forlèt yrket fordi dei opplever at dei ikkje strekker til i jobben, det gjeld særleg mange nyutdanna. Ved stadig større klasser vil lærarane i enda større grad føle at dei ikkje strekk til, åtvarar ho.

Utdanningsforbundet meiner også auka lærartettleik vil gi mindre behov for spesialundervisning, og viser til forsøk gjort på fleire ungdomsskular der behovet for spesialundervisning har gått betydeleg ned når lærartettleiken auka.

LES OGSÅ: Sogn og Fjordane er fylket som forundrar forskarane

Fjerna makstak
Det var dåverande utdanningsminister Kristin Clemet (H) som fjerna makstaket i 2003. Utdanningsforbundet meiner utviklinga bryt med intensjonen til både Clemet og Stortinget den gangen.

– Dei ønskte seg ei litt mindre rigid ordning, ikkje at det skulle bre om seg med permanente store klasser, meiner Lied.

Kristin Clemet ønskjer ikkje å kommentere saka overfor NTB.

Politisk rådgivar i Kunnskapsdepartementet Magnus Thue (H) svarer i ein e-post at det er lite i forskinga som tilseier at store klasser er ei stor utfordring i norsk skule. Han peiker på at Noreg har ein noko høg lærartettleik samanlikna med andre land.

Thue seier ein ikkje kan slå fast kva som er ein forsvarleg gruppestorleik berre ved å peike på eit tal.

– Det må bli dømt konkret ut frå eit fagleg skjønn, og her vil mellom anna lærarkompetansen, det pedagogiske opplegget, og utfordringane til elevane og føresetnadene deira kunne spele inn, skriv han.

Utdanningsforbundet seier dei ikkje ønskjer seg tilbake til eit makstak for elevar per klasse, men ei ny norm som set fast kor mange lærarar det skal vere på ein skule i forhold til elevtal og elevsamansetjing.

LES OGSÅ: – Mobbeoffer må sleppe straff for skulking

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00
ANNONSE