− Vi skikøyrarar er bortskjemte dritungar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Bortskjemte dritungar

Saka er laga av studentavisa Peikestokken.

I haust melde meteorologisk institutt vêret for jula 2050. Orkan, ekstreme mengder regn og ingen snø var den dystre vêrmeldinga. Dette var tema for torsdagens klimadebatt.

− Vi brukar snøen som symbol på klimasaka, fortalde Tormod Granheim i organisasjonen Protect Our Winters.

For tiande år på rad vart ekstremsportfestivalen X2 arrangert i Volda i Møre og Romsdal. Med usikre vintrar kan det sjå mørkt ut for festivalens framtid. Skal vi få glede av snøen også i framtida, trengst det både politisk vilje og handlekraft frå forbrukarane. Det var bodskapen frå Bellona, Natur og Ungdom, Fremtiden i våre hender og Protect our Winters i debatten.

LES OGSÅ: – Min største skrekk er å bli vaksen

Egoistiske friluftsfolk
Aktivitet i friluft er viktig for nordmenn, og toppturar vert stadig meir trendy. I påska opplevde mellom anna DNT stor etterspurnad etter toppturkurs. Friluftslivsinteressa viser også att i nordmenns forbruk. I 2013 blei det kjøpt sportsutstyr for over 12 milliardar kroner, ifølgje tal frå Sportsbransjen.

Eit publikum iført fargerike Goretex-jakker kasta seg inn i debatten, og fleire var kritiske til eigen livsstil.

− Vi latar som vi bryr oss om miljøet, men har det nyaste utstyret og reiser langt for opplevingar. Er vi ikkje eigentleg nokre bortskjemte dritungar, spurde ei kritisk røyst frå salen.

− Det er ærlege refleksjonar, som vi alle kan kjenne oss att i. Vi er opptekne av å maksimere våre opplevingar og vår velferd. Eg trur at nettopp slike refleksjonar kan gjere ein meir bevisst, svara Granheim.

Sjølv har eventyraren reist mykje. No held han på med eit prosjekt der han skal nå toppen av alle 82 fjell over 4000 høgdemeter i Alpane.

LES OGSÅ: Her er vinteren 24 dagar kortare


Nestleiar i Natur og Ungdom Gaute Eiterjord, Hallstein Havåg i Bellona, Tormod Granheim i Protect Our Winters og Framtiden i våre hender-leiar Arild Hermstad etterlyser politisk vilje for å nå klimamåla. Foto: Nicolay Woldsdal

Høgast forbruk per innbyggar
Slik Granheim ser det må friluftsfolk ta meir enn sin del av ansvaret. Han trur ikkje det er realistisk å få alle i Noreg til å bry seg om klimakampen.

– For oss som er spesielt opptekne av miljøet er det enkelt å endre livsstil, men mannen i gata er kanskje ikkje villige til å betale den same prisen.

Han peikar til dømes på at skikøyrarane bør bli mindre rastlause og heller opphalde seg lengre på kvar skistad. Granheim meiner to ting kan gjerast: Vi kan endre personleg forbruk og vi kan bruke stemmesetelen til å påverke politikken. Tal frå SSB syner at Noreg har det høgaste forbruket per innbyggar samanlikna med EU-landa. I 2013 låg det personlege forbruket 37 prosent høgare enn gjennomsnittet.

– Truleg er det først når vi er i ferd med å miste det umistelege, at vi vel å handle, sa Arild Hermstad, leiar i Fremtiden i våre hender.

LES OGSÅ: Kraftig klimaeffekt på Svalbard

– Vi har allereie løysinga
Er det mogleg å vinne klimakampen? spurde ordstyrar Jens Groven.

− Vi har allereie løysinga på problemet, men det som manglar er politisk vilje. Vi kan vere så flinke å kjeldesortere som vi berre vil, men når det stadig vert opna nye oljefelt skaper det ei kjensle av motlause, sa Gaute Eiterjord, nestleiar i Natur og Ungdom.

Debattantane var samde om at det er politikarane som må ta det største ansvaret. Fleire av dei viste til at teknologien allereie er god nok til å nå klimamåla.

− Politiske avgjersler blir tekne på vesentleg tynnare grunnlag, kom det frå fagsjef i Bellona, Hallstein Havåg.

Han oppmoda veljarane til å utfordre politikarane før lokalvalet, og til å stemme på dei som har dei beste løysingane i si heimkommune. 


Klimadebatten under X2-festivalen i Volda samla friluftsinteressert ungdom. Foto: Nicolay Woldsdal