I helga blir det avgjort om det er favoritten eller lokalutfordraren som blir leiar i NSO.

Agnes Østengen, Universitas. Omsett til nynorsk av Anders Veberg
Agnes Østengen, Universitas. Omsett til nynorsk av Anders Veberg

Saka var først i Universitas, og er omsett til nynorsk for Framtida.no

I dag starta Norsk Studentorganisasjon (NSO) sitt landsmøte. Her skal eit nytt arbeidsutval og sentralstyre veljast.

Det er knytt særleg spenning til leiarvalet, og dei to leiarkandidatane kjem frå veldig ulike bakgrunnar.

Det er Therese Eia Lerøen frå Høgskulen i Oslo og Akershus som er innstilt av valkomitéen til NSO.

Men det er tatt ut dissens i komitéen. Lerøen er føretrekt, men eit mindretal ønskjer at Tommy Aarethun, leiar av studentparlamentet ved Universitetet i Bergen skal bli NSO sin neste leiar.

LES OGSÅ: Stoppa skulepengar

Ingenting er avgjort
Statsvitar og studentpolitikkveteran Aksel Braanen Sterri påpeiker at innstillinga med dissens til Lerøen ikkje betyr at slaget er tapt for Aarethun. Han meiner valkomitéen sine innstillingar til leiarvervet ikkje har all verda å sei.

– Kven som vinn leiarvalet er avhengig av kva kandidat som har mest støtte. Det viktigaste er å føra ein god valkamp, seier Sterri.

Ulik bakgrunn
Lerøen har vore fagpolitisk ansvarleg i NSO sidan juli 2014, og kjenner organisasjonen godt frå innsida. Ho meiner erfaring internt i NSO styrkar ho som leiarkandidat.

– Eg har vore eit år på fulltid i Arbeidsutvalet, og fire år totalt i NSO. Derfor har eg god kjennskap til organisasjonen sentralt. Eg har dessutan nær kontakt med mange av NSO sine samarbeidspartnarar, seier ho.

Aarethun meiner på si side at ein NSO-leiar vil dra god nytte av erfaring frå deltaking i medlemslag, særleg når det kjem til å styrka fellesskapet i NSO.

– Det gir meg innsikt i korleis organisasjonen blir opplevd på lokalt nivå. At eg kjem utanfrå inneberer dessutan at eg har tankar om ting som kan bli betre, hevdar Aarethun.

LES OGSÅ: Vil ha nasjonalt ansvar for læringsmiljø

Viktig med kvinnerepresentasjon
NSO har sidan 2010 berre hatt éin kvinneleg leiar. Lerøen meiner det er viktig å hindra at NSO blir sett på som ein «guteklubb».

– Eg meiner det er viktig at NSO ikkje verkar som ein organisasjon  driven av menn. Likevel er det ikkje på bakgrunn av kjønnet mitt at folk skal stemma på meg, men fordi dei tykkjer eg er den beste kandidaten, seier Lerøen.

Kampsaker
Lerøen tykkjer det viktigaste for NSO bør vera å diskutera kvardagen til studentane.

– Eg har ein stor ambisjon om at me skal snakka om dei tinga som studentar møter kvar dag. Det inneberer undervisings- og vurderingsformer, tilgang til høgare utdanning, utforming av læringsareal, og korleis institusjonane legg til rette for å møta studentane sine forventingar til studiane, fortel Lerøen.

Med bakgrunn frå medlemslag i NSO, går Aarethun til val på å styrka samarbeidet mellom NSO sentralt og medlemslaga.

– Eg vil jobba for eit betre samarbeid mellom medlemslaga og NSO sentralt. Oppfølginga av medlemslaga er for dårleg frå sentralt hold, seier han.

LES OGSÅ: Studentar føler dei blir «avbefalt» utveksling

Framtida til NSO
I samband med fusjonane som fleire utdanningsinstitusjonar skal gå gjennom, må fleire av medlemslaga til NSO omorganiserast. Dette vil bli ei utfordring for NSO, meiner Lerøen.

– I dette arbeidet er det viktig at NSO har ein rådgivande funksjon ovanfor medlemslaga, seier ho.

Ho er oppteken av at alle medlemma skal få moglegheita til å aktivt ta del i den politiske utforminga.

– NSO skal gå gjennom ei omorganisering frå eit landsstyre med 44 representantar til eit sentralstyre med 13. Då blir det viktig med møteplassar der alle kan påverka politikken, seier Lerøen.

Meir demokrati
Aarethun ønskjer også eit NSO der alle medlemmane blir inkludert i diskusjonar. Han er særleg oppteken av at medlemslaga skal få ei større rolle.

– Medlemslaga bør brukast meir aktivt. Arbeidet med å stoppa skulepengar for internasjonale studentar er eit godt døme på eit godt fungerande samarbeid mellom NSO sentralt og medlemslaga, seier Aarethun.

LES OGSÅ: Studentar strøymer til Noreg

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

Kommentarar

ANNONSE