Strøymer til Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen var først hos Universitas, og er omsett til nynorsk av Framtida.no

Noreg har aldri tatt inn fleire internasjonale studentar enn no. Nesten 24 000 internasjonale studentar fann vegen til Noreg i studieåret 2013-2014. Det dobbelt så mange som i 2005, ifølgje ein ny rapport frå Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU).

Jannecke Wiers-Jenssen er forskar i Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) og forskar mellom anna på utviklinga i talet på internasjonale studentar.

LES OGSÅ: Sjenerte nordmenn kan bremsa integreringa

Ho trur auken skuldast at norske utdanningsinstitusjonar har vore meir opptekne av internasjonalisering, til dømes gjennom å innføra fleire engelskspråklege program. Likevel meiner ho at ei forklaring også kan ligga i dei andre skandinaviske landa.

– Dette må sjåast i samanheng med at nabolanda våre har innførst studieavgifter for studentar utanfor EU, seier forskaren.

Dette er ei oversikt over utviklinga av internasjonale studentar i Noreg dei siste åra.

Behov for internasjonale studentar
Seniorrådgjevar i SIU, Arne Haugen, meiner at internasjonale studentar bidreg til nye impulsar i norsk utdanning.

– Fleire og fleire land er opptekne av å rekruttera utanlandske studentar med tanke på noverande eller forventa behov i arbeidslivet, mellom anna som følgje av negativ folkeauke, seier Haugen.

LES OGSÅ: Internasjonale studentar får ikkje kontakt

Han poengterer at internasjonalisering ikkje berre handlar om å få norske studentar ut på utveksling, men også å få utanlandske studentar inn til Noreg. I tillegg seier seniorrådgjevaren at det blir tøffare konkurranse om dei beste internasjonale studentane i framtida.

Ifølgje Wiers-Jenssen ved NIFU går behovet for impulsar begge vegar. Ho fryktar at ein ikkje vil få den effekten ein ønskjer om ein ikkje får knytt studentane til Noreg. Wiers-Jenssen tvilar på om det er nok kontakt mellom internasjonale og norske studentar.

LES OGSÅ: Viktig steg mot yrkeslivet

Manglande integrering
Chen Dong (26) frå Kina studerer informatikk på Universitetet i Oslo (UiO). Han kom til Noreg for fire år sidan, og fekk eit førsteinntrykk av norske studentar som lukka og utilgjengelege. Når det først var aktivitet på Blindern meiner Dong at informasjonsflyten var for dårleg og at internasjonale studentar ofte ikkje vekk vita om arrangementa.

Sidan då har han delteke i International Summer School (ISS), ei sommarordning på UiO meint for å bygga kulturelle relasjonar mellom ulike studentar.

– Eg ville ikkje reisa tilbake til Kina utan å ha fått med meg impulsar og erfaringar frå Noreg, seier Dong, som legg til at han valde å studera i Noreg på grunn av verdiar som likskap og toleranse.

LES OGSÅ: Får ikkje drikka kaffi

– Noreg gjer ein god jobb
Russiske Vitalii Lkoev (22) har ei litt annleis historie å fortelja. Han studerer helseleiing og helseøkonomi på UiO og har ikkje hatt problem med å integrera seg.

Den rusisske studenten meiner fokuset på gruppearbeid ved universitetet har gjort det enklare for han å kommunisera med andre norske studentar.

– Når du har ein fot innanfor er det også mykje lettare å læra språket og få med seg hendingar og aktiviteter, seier Lkoev.

Han meiner Noreg og nordmenn generelt gjer ein god jobb for dei internasjonale studentane.

LES OGSÅ: Vil ha nasjonalt ansvar for læringsmiljø

Vil gi dei ei stemme
Enzo Rossi (29) er grunnleggar av studentpartiet Internationalista. I fjor var han ein av dei som sto bak at internasjonale studentar for første gong vart representert i Studentparlamentet ved UiO. For å i det heile kunne hjelpa internasjonale studentar meiner Rossi det er viktig å vita kven dei er.

Han foreslår at studentane skal få hjelp med å bryta språkbarrieren, spesielt gjennom å overlappa «internasjonale» og «norske» emne – fag Rossi meiner er for skilte i dag.

Og om ingenting av dette fungerer, kjem den kinesiske studenten Dong med eit alternativt forslag.

– Du kan møta norske studentar på fylla. Dei er ofte meir opne då.

Fortener du statsborgarskapet ditt? Ta testen til Are Kalvø!