I folkerøystinga om hovudmålet for den nye skulen i Hol i Hallingdal, vann bokmål ein knusande siger.

Magnus Lindahl, Hallingdølen
Magnus Lindahl, Hallingdølen

Artikkelen var først i Hallingdølen.

Vallokala stengde klokka 20. Klokka 22.30 var resultatet klart:

298 røysta for bokmål. 121 for nynorsk. Totalt røysta 419 av 1002 røysteføre.

LES OGSÅ: Ordførarar krev meir nynorsk på regjeringen.no

Overlegen siger
Resultatet er eit valsjokk av dimensjonar. 

Og det meste tyder no på at bokmål har knust nynorskens siste skanse i Hol. For det er kommunestyret som skal vedta det endelege hovudmålet ved den nye fellesskulen i øystre Hol 27. mai. Men med ein så overlegen siger, er det lite truleg at politikarane ikkje følgjer rådet frå innbyggjarane. Det gjorde dei for eitt år sidan då det også vart halde ei målrøysting i Holet skulekrins. Då vann nynorsk klart med 124 mot 58 røyster.

Takk for sist?
Målrøystinga vart pressa fram som ein konsekvens av skulesamanslåinga av Hovet og Holet skular. 

Den kampen tapte Hovet, og det har vorte spekulert i om målrøystinga var Hovets sjanse til å seie takk for sist. Resultatet er i alle fall knusande. Og dermed ser det ut til at det som fram til juni heiter Holet skulekrins, frå hausten har bokmål som hovudmål når den nye skulen opnar. Då skal også eit nytt namn vere vedteke.

Det er ikkje berre dårleg nytt: Her vinn nynorsken fram!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

LES OGSÅ

ANNONSE