Ordførarar krev meir nynorsk på regjeringa.no

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Valportal utan nynorsk

Nynorskordførarar krev at regjeringa ordnar opp og gjer nynorsken meir synleg på nettsidene til regjeringa. At regjeringa held seg med ei nettside der dei berre heiter regjeringen og der det nynorske språkvalet er vekke, undrar nynorskordførarane. At dei i tillegg knapt har eit ord på nynorsk på valnettsida, valg.no, i valåret, gjer bokmålsdominansen endå tydelegare.

– At valportalen, valg.no, som nettopp i år er ei viktig nettside for kommunar og partiorganisasjonar over heile landet berre er på bokmål, kan ikkje vere i samsvar med lov om målbruk i offentleg teneste. Eg vonar det òg er i strid med målpolitikken til regjeringa, seier Arne Vinje, ordførar i Vinje kommune.

Bokmålskommunar i mindretal
Nynorsk og bokmål er jamstilte målformer i Noreg. Om lag ein halv million nordmenn brukar nynorsk til dagleg. Eit stort fleirtal av kommunane i Noreg har anten nynorsk som vedteken målform (110) eller er språkleg nøytrale (157).

– Eg byrjar verte utolmodig, seier Alfred Bjørlo, ordførar i Eid kommune. Han sende brev om saka alt før jul.

I desember lanserte regjeringa nye nettsider. Brått heitte den utøvande makta i Noreg berre regjeringen, og nettsida berre regjeringen.no. I tilegg var innhaldet på dei nye nettsidene nesten utelukkande på bokmål. Etter protestar i media lova regjeringa at dette skulle verte betre. No er det gått snart tre månader, og nokre menyoverskrifter og fleire nyhendesaker har kome på nynorsk. Likevel heiter regjeringa framleis Regjeringen. Utanriksdepartementet heiter framleis berre utenriksdepartementet, og valordninga er berre omtala som valgordningen.

Dette meiner nynorskordførarane ikkje er godt nok.

LES OGSÅ: Språkdirektøren: – Ser ikkje så bra ut

– Ingen orsaking
Også Noregs Mållag har peika på at ein bør kunne forvente av regjeringa at dei oppfyller eiga lov og at dei er viljuge til å strekkje seg etter Stortinget sine vedtekne ambisiøse mål for ein offensiv og moderne språkpolitikk. Mållaget minna om saka seinast i førre veke i brev til regjeringa.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er òg utolmodige.

– Etter så lang tid etter omlegginga, så finst det ikkje noko orsaking for at det ikkje er meir nynorsk på nettsidene til regjeringa, seier dagleg leiar Vidar Høviskeland til Framtida.no.

LES OGSÅ: Nye Stortinget.no nesten utan nynorsk