Nestleiaren i Framstegspartiet, Per Sandberg, trur at den planlagte kommunereforma til regjeringa blir ein fiasko.

(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

Han trur reforma kan ende med nokre få kommunesamanslåingar, men langt færre enn det Frp og Høgre ønskjer seg. Han peikar på at sjølv om regjeringa har god framdrift i arbeidet med reforma, må ho framleis forhandle dei endelege vedtaka med Kristeleg Folkeparti og Venstre.

– Dette er det siste forsøket på fri vilje. Dersom det ikkje lykkast, ligg det an til tvang, og det vil vi ikkje få fleirtal for i Stortinget, seier Sandberg til Klassekampen.

LES OGSÅ: – Vi kan risikera å hamna i utkanten

Frp har programfesta at partiet er for bruk av tvang for å få gjennomført reforma.

– Det eg set spørsmålsteikn ved, er om det er greitt at det kjem eit resultat som verken Frp eller Høgre vil vere nøgde med, seier nestleiaren.

Sandberg meiner Arbeidarpartiet opptrer uansvarleg og burde gitt draghjelp til reforma.

– Det uroar meg at Ap er så tilbakelent. Då har partiet skumle planar. Dei ønskjer ei omfattande kommunereform, men når Høgre og Frp inviterer, sit dei stille, seier han.

Ap-nestleiar Helga Pedersen understrekar at det er stor avstand mellom regjeringa og partiet hennar på dette feltet.

– Vi har sagt nei til bruk av knappe tidsfristar, nei til å bruke inntektssystemet som eit tvangsmiddel mot kommunane og nei til tvangssamanslåing, seier ho. (©NPK)

LES OGSÅ: Større kommunar skal få meir å gjera

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

LES OGSÅ

ANNONSE