Stortingspolitikar frå Frp ber regjeringa trekkje fuskelova

Regjeringa bør trekkje forslaget til ny universitets- og høgskulelov, meiner stortingspolitikar Himanshu Gulati frå Frp.

NPK-NTB, Framtida.no – Marie Knutsen Bruntveit
Publisert

Gulati viser til fuskesakene som har vore omtalte det siste året og meiner dei har sett eit særleg søkjelys på sjølvplagiering og studentars manglande rettssikkerheit i fuskesaker, skriv VG.

– Eg synst det er trist at det må skandalar i regjeringa til, før ein får fokus på vanlege studentars rettstryggleik og kor hardt dei rammast, seier Gulati til VG.

Han er spesielt kritisk til praksisen med at studentar blir utestengde frå utdanninga for å ha brukt av eige verk i eksamenssituasjonar og gradsoppgåver., og at konsekvensane skjer før sakene er ferdig behandla.

– Det er derfor behov for at regjeringa jobbar med denne tematikken på ein grundigare måte saman med studiestadene og Felles klagenemnd, før dei kjem tilbake til Stortinget med ei ny lov, seier Gulati.

Uaktuelt å utsetja behandlinga

Leiar for utdanningskomiteen på Stortinget, Hege Bae Nyholt (Raudt) seier det ikkje vil bli aktuelt å skyva behandlinga av den nye universitets- og høgskulelova fram i tid.

Nyholt anerkjenner likevel bekymringane til Gulati, som ho seier Raudt vil adressera i eit forslag til lova.

Ønskjer mellomløysing

NSO-leiar Oline Sæther meiner det er bra at Gulati ønskjer å beskytta rettstryggleiken til studentar. Ho er likevel ikkje samd i at å utsetja behandlinga av ny universitets- og høgskulelov er løysinga.

Sæther seier til VG at studentorganisasjonen ønskjer tydelegare og betre regelverk for fusk i høgare utdanning.

– Praksisen i det mangelfulle regelverket er feil, og regjeringa må tydeleggjera kva dei meiner skal vera praksisen, seier Sæther til VG.

Forslaget til ny universitets- og høgskulelov skal behandlast i Stortinget ved månadsskiftet januar-februar.

Oline Sæther er leiar i Norsk studentorganisasjon. | Foto: NSO / Skjalg Bøhmer Vold