Vil ikkje gi Nav-pengar til friske unge

Unge som ikkje er alvorleg sjuke, bør ikkje få arbeidsavklaringspengar frå Nav, men i staden følgjast opp av kommunane, meiner ei forskargruppe.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ikkje gi Nav-pengar til friske unge

Det er Sintef-forskar Solveig Osborg Ose som saman med kollegaer i Sintef og Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering har sett på korleis den fem år gamle ordninga med arbeidsavklaringspengar (AAP) fungerer. Av rapporten deira går det fram at unge ofte blir gåande som passive trygdemottakarar. Derfor meiner dei at berre dei alvorleg sjuke i denne gruppa bør få AAP.

LES OGSÅ: – Meir lønnsamt å nava enn å jobba

– Vi er særleg urolege for dei unge, skriv forskarane i ein kronikk i Dagens Næringsliv måndag.

Dei peikar på at når Nav tar kostnadene, slepp kommunane å utvikle tiltak for dei unge som fell utanfor skule og arbeid. Men det er kommunane som best kan førebyggje at dei unge hamnar utanfor, meiner dei.

– Utan at kommunane ber kostnadene av at unge fell utanfor, har dei heller ikkje insentiv til å førebyggje. Nav er i liten grad posisjonert for å førebyggje at innbyggjarane blir Nav-brukarar, skriv forskarane. (©NPK)

LES OGSÅ: Nav-brukarar kan bli fråtekne støtte