Fredens Ring får Fritt Ord-pris

Dei åtte unge muslimane som tok initiativet til markeringa Fredens Ring i vinter, får prisen Fritt Ords Honnør.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Under markeringa mot jødehat og antisemittisme i Oslo i februar slo 1.300 menneske ein beskyttande ring rundt synagogen. Markeringa vart følgt opp med tilsvarande fredsringar i både Stockholm og København.

LES OGSÅ: – Desse ungdommane er førebilete

Dei åtte initiativtakarane som får prisen, er Zeeshan Abdullah, Hajrah Arshad, Ali Chishti, Atif Jamil, Marod Jarodi, Mudassar Mehmood, Thomas Holgersen Daher Naustdal og Hassan Raja. Alle er mellom 17 og 37 år.

Fritt Ords Honnør er ei påskjøning som blir delt ut for verdifullt virke i det frie ords teneste, gjerne i tilknyting til ei aktuell sak. Vinnarane får 100.000 kroner i prispengar.

Honnøren blir delt ut under eit arrangement i Stiftelsen Fritt Ords lokale i Oslo fredag 17. april. (©NPK)

LES OGSÅ: – Islam handlar om å bygga fred