– Desse ungdommane er førebilete

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 26.10.2017 10:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Muslimar mot jødehets

– Me lever i eit globalisert samfunn og eg meiner det skal vere rom for å gå med både hijab og kippa. Antisemittisme er eit problem i Europa generelt. Diverre er det òg ein del stigmatisering overfor muslimar. Det er viktig at me minoritetar står opp for kvarandre, seier Ali Chishti, ein av initiativtakarane til støttemarkeringa ved synagogen i Oslo.

LES OGSÅ: Jødehatet på frammarsj i Europa

Skremt av dansk synagoge-angrep
Åtte norske muslimske ungdommar står bak grasrotinitaitivet, som vert arrangert etter terrorangrepet utfor ein dansk synagoge førre veke.

Laurdag klokka 18.30 vil dei slå «Fredens ring» rundt synagogen i Oslo.

– Når det skjer i Danmark kjem det nærare og det bekymrar oss, seier initiativtakar Zeeshan Abdullah, som meiner ein i etterkant av terrorhandlingane i Danmark og Paris har sett både samhald, men diverre òg hets og vald mot muslimar.

Initiativtakarane har sett seg lei på at ekstreme stemmer får definere deira religion og vil med arrangementet drepe fordommar.

«Islam er å beskytte våre brødre og søstre, uavhengig av hvilken religion de tilhører. Islam er å heve seg over hatet og aldri synke på samme nivå som haterne. Islam er å forsvare hverandre.Muslimer vil vise at vi tar sterk avstand fra all type jødehat, og at vi er der for å støtte dem,» står det på Facebooksidene til arrangementet.

LES OGSÅ: Fem tusen samla mot ekstremisme

Sionisme og IS
Initiativet har vekt internasjonal merksemd og vorte omtala i internasjonale medier som Washington Post og Jerusalem Post.

– Ekstremistar både på høgre og venstresida nører opp under hat og fører ein retorikk som kan vere farleg over tid, difor er det på høg tid at me tek defineringsmakta og seier at me er interessert i fredeleg sameksistens, seier Chishti.

Initiativtakaren fortel om mykje positiv merksemd frå familie og vener, men òg negativ merksemd frå ekstremistisk hald.

Chisthti var sjølv i medias søkjeljos for antisemittisme i 2009, ei fortid han fortel at han har teke eit oppgjer med. Sjølv om han framleis er imot israelsk okkupasjon i palestinske område, skil han mellom storpolitikken og jødar.

Fleire av initiativtakarane er engasjert i konflikten i Midtausten, men er klåre på at det er stor forskjell på Israels politikk og norske jødar.

– Å blande sionisme og jødedom vert som å blande det IS gjer med islam, seier Abdullah.

Både Det Mosaiske Trossamfund i Oslo og Palestinakomiteen helsar initiativet velkommen.

LES OGSÅ: Moxnes til Pegida: – De er likare ekstremistane enn de trur

Europeisk ring
Den norske konvertitten Yousef Assidiq merkar at debatten har tilspissa seg i kjølvatnet av terroråtaka i Paris og seinast i København sist veke. Det vert prata om ein krig mellom vestlege og muslimske verdiar.

– Det har vorte auka polarisering og steilare frontar. Det desse ungdommane no gjer er kanskje det beste svaret på nettopp det, når dei står opp for både ytrings- og religionsfridom, meiner Assidiq, som er prosjektkoordinator for førebygging av radikalisering og ekstremisme i Minotenk – minoritetspolitisk tenketank.

– Ungdommen reagerte instinktivt på at jødar i Europa ikkje ser noko framtid og er redde for å gå rundt med jødestjerne og kippa. Dei tenkte nok at det kunne vore oss. Med dette tek dei avstand frå både antisemittisme og ekstremisme, seier Assidiq, som meiner det ligg ei mørk sky over Europa og at tidspunktet for grasrotinitiativet difor er viktig for all merksemda markeringa har fått.

Eit tilsvarande arrangement vil finne stad i Bergen, sjølv om byen ikkje har eigen synagoge.

Assidiq har òg høyrt planar om liknande markeringar både i Frankrike, Belgia, Danmark og Sverige. Han vonar det vert ei bølgje av solidaritet, som kan føra til ein breiare debatt.

– Eg er heilt klart ein forkjempar for fleire muslimske stemmer, slik at ein får fram mangfaldet. Desse ungdommane er førebilete, når dei no står fram i media i portrettintervju og liknande. Det ein treng i det muslimske miljøet er heilt vanlege førebilete, noko eg heilt klart trur kan motverke radikalisering, seier Assidiq.

LES OGSÅ: Islamfiendtlege oppmoda til å gå inn i heimevernet

Mainstream-stemma
Initiativtakarane sjølv ser òg på arrangementet som preventivt mot radikalisering.

– Mange prøvar å måle eit bilete av muslimar som intolerante folk som berre vil leve for seg sjølv. Eg håpar vanlege borgarar i Europa forstår kor viktig det er å stå saman i eit stadig meir polarisert samfunn, der fleire grupper slår polititisk mynt på det som skjer. Det er uheldig om ein berre sit heime og let det gå for langt, meiner Abdullah, som trur kampen ikkje vert vunne med ei markering, men med ei haldningsendring over tid.

Han vil hatefulle fordommar og stereotypiar til livs og trur det er mogleg for mainstrem-muslimar å ta attende defineringsmakta frå ekstremistane.

– Dei er ei lita gruppe, som vert blåst opp i media fordi det er sensasjonelt. Mainstream-muslimar er som oftast oppteken med skule, jobb og familie, men eg trur det er på tide at me engasjerer oss. Korleis folk oppfattar ei gruppe er òg opp til den gruppa, avsluttar Abdullah.