Mobilfri skule splittar elevane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først i Bladet Sunnhordland

– Eg synest ikkje noko om det i det heile, og skjønnar ikkje kva ein vil oppnå, seier Britha Elise Jordal, som går i 10. klasse på Øyatun ungdomsskule på Halsnøy.

– Dei seier at dei vil at me skal bli meir sosiale, men no er folk berre irriterte. Det er heller ikkje slik at me låser resten av verda ute sjølv om me brukar mobilen. Me kan snakka med folk samtidig, seier 15-åringen, som meiner skulekvardagen er blitt verre.

– Friminutta har blitt kjedelege og mindre avslappande. Det er mykje bråk i friminutta og då likte eg å bruka musikk til å slappa av, seier Jordal, som etter forbodet har mobiltelefonen liggjande i sekken eller i lomma.

LES OGSÅ: Angst gir ekstrem mobilbruk

Rektor Anne Synnøve Irgens Vassenden og mor Hanne Kristensen håper at elevane skal bli meir sosiale i friminutta. Foto: Marius Knutsen

Fleire er aktive
I veka før påske var det slutt på mobilbruk i skuletida på ungdomsskulen på Halsnøy. Dersom mobiltelefonen er med på skulen må han vera ute av syne og sett på lydlaus.

– Eg spelar fotball i friminutta, og no etter forbodet er det fleire på banen, seier Brede Tofte (16).

Han har lagt mobilen igjen heime, og ønskjer forbodet velkommen.

– Er det viktige meldingar me må få gitt til nokon, så får me hjelp av dei på kontoret, seier Tofte.

LES OGSÅ: På denne skulen er det forbod mot mobilar

Nedsett orden
– Me gjer dette etter ynskje frå tilsette og foreldre, forklarar Anne Synnøve Irgens Vassenden, rektor på Øyatun ungdomsskule.

Før forbodet hadde elvane lov å bruka mobiltelefonane i friminutta. Men reglane blei ofte brotne, og elevar fekk nedsett ordenskarakterer.

– Me såg at mange heldt fram bruken når dei kom inn til timane. Dei skulle berre nett gjera seg ferdige med eit spel eller noko, seier rektoren.

Tidlegare blei telefonane lagt i ein kasse i timane, eller skjult i sekken.

– Men det var ein del som diskuterte og ikkje ville gje dei ifrå seg. Dermed stoppa timen opp, seier Vassenden, som seier at det nye mobilforbodet vil bli handheva med merknadar.

Les også: Elevar er nøgde med mobilforbod

Brede Tofte har fått følgje av fleire på fotballbanen. Britha Elise Jordal (15) synest friminutta har blitt slitsame. Foto: Marius Knutsen

Usosiale
Rektoren seier at dei også opplevde at elevane var usosiale.

– Me såg at elevane sat ved sida av kvarandre i friminutta, men snakka ikkje til kvarandre, seier Vassenden.

Hanne Kristensen har to born på skulen og sit i Foreldrearbeidsutvalet (FAU).

– Eg synest det er viktig at elevar og folk flest lærer seg å vera til stades her og nå, seier Kristensen.

Ho fortel at hennar born er delte i synet på forbodet. Sonen i 8. klasse er imot, medan dottera i 9. er for.

Les også: Har hatt mobilfri veke på Fitjar

Rektor fortel av mobilforbodet har vore diskutert i FAU og i elevrådet.

– Kva med lærarane, får dei ha med seg mobil i timen?

– Nei, veit du kva! seier rektoren.

Sjølv om Britha Elisa Jordal er imot forbodet har ho ikkje tenkt å risikera ordenskarakteren.

– Eg tek ikkje opp mobilen, nei. Det er ikkje vits i å laga unødvendig bråk. Men eg synst det burde vera opp til kvar enkelt, seier 15-åringen.

Hanne Kristensen meiner å spora ein haldningsendring til mobilbruk.

– Eg ser at dei unge sjølv ved spelekveldar set ut ei skål som dei legger mobilane i, seier Kristensen.

– Det er jo ikkje så kjekt å gå på besøk til nokon som sit og ser på mobilen, slår Brede Tofte fast.

LES OGSÅ: Ikkje sjekk mobilen før du legg deg