Droner kan ikkje berre brukast i krig eller imponerande video. No vil eit selskap bruka dronane til å planta ein milliard tre i året.

Anders Veberg

Treehugger skriv om oppstartsprosjektet BioCarbon Engineering som jobbar med droner. Dei brukar likevel ikkje dronane på den måten du etter kvart har sett ein del av – i militære operasjonar eller i videoar som viser fram landskapet.

BioCarbon Engineering vil bruka dronane dei utviklar til å planta tre, og kjempa imot avskoging.

LES OGSÅ: Med bismak av klimagass

– Øydelegging av skogane i verda gjennom tømmer, gruvearbeid, landbruk og urban utviding øydelegg 26 milliardar tre i året. Me trur at denne avskoginga kan kjempast imot på best måte med den siste automat-teknologien, forklarar Lauren Fletcher frå BioCarbon Engineering, ifølgje Treehugger.

Dei har eit system dei meiner kostar så lite som 15 prosent av kva det ville kosta å planta tre for hand, og det kan gjerast i eit tempo som plantar fleire titals tusen kvar dag – og ein milliard tre i året.

Det ambisiøse prosjektet nyttar presise kart over områda dei vil planta tre i, og skyt ut pollenerte frø ned i jorda i ein kapsel med næringsrik hydrogelé,

Dette er ikkje ei løysing som vil stå klar i morgon – det kan ta fleire år før eit slikt system står klart til bruk i storskala. Treehugger stiller også fleire spørsmål stiller også fleire spørsmål rundt kor effektivt systemet er – til dømes kan feilraten ved at ei maskin skyter frø ned i jorda vera høg.

Men prosjektet kan likevel vera håpefullt – sjå presentasjonsvideoen her:

LES OGSÅ: Drone avslører spøkelsesby ved Tsjernobyl

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00
ANNONSE