Satsar på kaldfusjon

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil skapa enormt mykje energi

I Japan skal Tohuku-universitetet no gå i gang med eit forskingsprosjekt på Low Energy Nuclear Reactions (lenr), òg kjent som kald fusjon.

Målet er på den eine sida å utvikle reine og trygge energikjelder, for det andre å finne metodar for å bryte ned radioaktivt avfall. Ambisjonen er å ha brukbare løysingar klare til OL i Tokyo i 2020, skriv det svenske fagbladet Ny Teknik.

Med seg på laget har universitetet det japanske teknologiselskapet Clean Planet, som såg dagens lys etter tsunamien og Fukushima-ulykka i 2011. Tohuku-universitetet held elles til ikkje langt frå det øydelagde Fukushima-kraftverket.

Kaldfusjon er ei form for kjernefysisk reaksjon som skjer ved romtemperatur – i motsetning til den svært varme som skjer naturleg i stjernene. Ein slik prosess kan produsere enorme mengder grøn energi – om forskarane får det til å verke. Atomkraftverka i dag er baserte på fisjon, splitting av atom, ein prosess som gir mykje radioaktiv stråling og radioaktivt avfall.

Mange har meint at kaldfusjon ikkje kan fungere i praksis, men fleire ser no ut til å vere på sporet. Den italienske forskaren Andrea Rossi kunngjorde i 2011 at han har laga ein kaldfusjonsreaktor som kan produsere store mengder energi av metall og hydrogen. (©NPK)