– Eg skal ikkje nekta dei å bruka namnet mitt

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein lattermild Ottar Grepstad tek godt imot spøken Framtida.no laga tidlegare i dag, om at Norsk Målungdom vil gå hardt ut mot kjønnsfarga språk og diskriminering i arbeidslivet med Kvinnegruppa Ottar Grepstad.

LES OGSÅ: Kuttar hankjønn frå språket

– Eg får ta godt imot dei på målstreken under Holmenkollstafetten, seier han, og ler godt på telefonen.

Ottar Grepstad, som er direktør i Nynorsk kultursentrum og styreleiar i Språkrådet, fortel at han lenge har vore fascinert av Kvinnegruppa Ottar, grunna likskapen i namnet. Sjølv om Kvinnegruppa Ottar Grepstad er reint oppspinn, er han einig i nokre av dei politiske tankane bak.

– Dei grunnpolitiske tankane her er viktige å følgja opp. Det har lenge vore sagt at målrørsla er mannsprega, og det er for så vidt rett, men ikkje særleg meir enn liknande organisasjonar. Det har også skjedd store endringar dei siste åra, seier Grepstad.

Han meiner likevel ein slik organisasjon kunne hatt nytte av eit betre namn, sjølv om han ikkje vil nekta Målungdommen å bruka namnet hans.

Lurte poeten
Blant dei som gjekk fem på i dag, var poeten Helge Torvund. Rundt ein time etter at artikkelen om Kvinnegruppa Ottar Grepstad vart lagt ut i dag tidleg, kjem denne e-posten frå Torvund.

– Ops! Autohjelpen har ført inn «Grepstad» etter Kvinnegruppa Ottar, og det tvilar eg på om han vil like.

Veldig kort tid etter kom ein ny e-post, med «Ha, ha, ha!!!!» i emnefeltet.

– Det er lenge sidan eg har gått fem på ein 1. april. No gav du meg ein god lått!

Torvund understreka og at han ikkje trudde på sjølve historia, men meinte det måtte vera ein glipp i ingressen med Kvinnegruppa Ottar Grepstad. Me har fått lov av Torvund å gjengi innhaldet i samtalen.

Ottar Grepstad sjølv lo godt då han høyrde at Helge Torvund var ein av dei som gjekk fem på.

Liten tru på «hen»
Forslaget om å fjerna kjønnspronomen frå språket og erstatta det med det nøytrale «hen» er ikkje blant dei som støtte frå Grepstad.

– Eg har ikkje trua på å konstruera pronomen. Dei må komma gjennom dagleg bruk, det er blant dei mest brukte orda i språket vårt. At du skal vera på vakt mot kjønnsfarga språk er eg einig i, men då trur eg på andre løysingar enn å laga ord som ikkje har noko grunnlag i talemålet.

Det er også ein ting Grepstad ikkje er heilt nøgd med.

– Eg er ikkje glad for at eg ikkje vart invitert til skipingsmøtet. Det må me ta ein oppvask på, seier han lattermildt.

LES OGSÅ: Drakane kjem tilbake! Vart du lurt av desse aprilspøkane?